...
Marino J. Ask meiner dei fleste kan finne sin plass i naturen.

Etterlyser meir midlar

Marino J. Ask i turlaget meiner naturen er ein plass kor mange kan finna sin plass.

Ida Hundvebakke E-post
Publisert 08.09.2012 kl 12:52 Oppdatert 08.09.2012 kl 12:52

Tips ein venn på e-post:

Torsdag skreiv Sogn Avis om ei ny undersøking om fysisk aktivitet, som viser at unge i aldersgruppa 11 og 13 år kjem dårleg ut både i ein nasjonalt og internasjonalt samanheng.

Marino J. Ask, styreleiar i Sogn og Fjordane turlag og landsstyremedlem i Den Norske Turistforening, ser fleire løysingar for å snu trenden.

– Det trengst små midlar for å gjere ein forskjell. Turlaget har til dømes greidd seg godt med inntekter frå medlemskontigenten, men med meir midlar kunne vi gjort endå meir, seier Ask.

Born og unge

Han fortel at nettopp born og unge er ei gruppe turlaget vil satsa endå meir på i framtida.

– Nyleg fekk me 200.000 kroner frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Desse pengane skal vi nytta til dette arbeidet. Blant anna skal vi tilsette ein person som skal jobbe tiltak retta mot born og unge, seier Ask.

Trass desse midlane skulle han ynskt det vart løyvd endå meir pengar til turlaget og andre organisasjonar som held på med friluftsaktivitetar.

– Eg meiner desse midlane kan kome både frå fylkeskommunal og nasjonalt hald. Næringslivet er også ein aktør som kan bidra her, seier Ask.

Naturglede

Han tykkjer det er vanskeleg å seia kvifor unge i Sogn og Fjordane kjem dårlegare ut enn andre i undersøkinga, men meiner naturen er ein plass kor dei aller fleste kan finne sin plass.

– For dagens unge er data og sosiale media ein veldig oppslukande aktivitet, som det nok kan vera vanskeleg å lausriva seg frå. Idretten er gode på konkurranse og skal vere det, men vi ser at naturen er ein plass kor mange kan finna sin plass og oppnå resultat. Ein 12-åring kan godt klara å padla kajakk på fjorden, og vil då oppleva meistring og gode naturopplevingar. Om borna vert tekne med ut i naturen frå tidleg alder, vil det leggja eit godt grunnlag for resten av livet. Ein ser eindel kanskje tek ein pause frå friluftsaktivitetar i ungdomstida, men at dei vil koma tilbake etterkvart som dei vert eldre, seier Ask.



På forsiden nå


...

Gjenreist og nyopna 20 år etter starten

Nyhende Breheimsentret har reist seg att, på rekordtid. Elleve månader tok det for AH Bygg, og ei handfull dugande handverkarar frå Sogn, å gjenreisa den unike bygningen. Les meir

...

Nytt tap for Vik

Sport Jarle Christensens menn gjekk på sesongens femte tap borte mot Varegg i ettermiddag. Les meir

...

Stengd etter ras  

Nyhende Offerdalsvegen et stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida i ettermiddag. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.