...
I programmet får amerikanske Austin Muller eit overveldande møte med hotellet som forfedrane hans starta i Sogn. Foto: TVNorge

Eit overveldande møte

Austin Muller frå programmet ”Alt for Norge” måtte ta til tårene då han fekk vitje bygda kor slekta hans stammar frå.

Ida Hundvebakke E-post
Publisert 07.09.2012 kl 19:00 Oppdatert 07.09.2012 kl 19:00

Tips ein venn på e-post:

– Møtet med Luster var vendepunktet for meg i serien. Då eg takka ja til å vere med i Alt for Norge, visste eg at forfedrane mine var viktige for meg, men eg visste ikkje at det var i så stor grad, skriv Austin Muller i ein e-post til Sogn Avis.

Filma i Sogn

23-åringen frå Los Angeles, som til dagleg jobbar som modell, er ein av i alt tolv amerikanarar som i haust tevlar i programmet Alt for Norge. Den andre episoden av programmet, som vert synt søndag, er filma i Sogn. Her får ein sjå Muller sitt sterke møte med sine forfedre.

– I 1690 kom mine forforeldre Christian Nitler og Birgette Griist til Solvorn. Der kjøpte dei Walaker hotell og gjorde det om til eit ”bed and breakfast”.

Visste lite på førehand

I programmet får Muller vitja Walaker hotell som forforeldrene kjøpte for 322 år sidan.

– Det høyrest litt klisje ut, men då eg var på hotellet, kunne eg nesten sjå for meg mine forforeldre vandre rundt og ta vare på gjestene sine.

– Utruleg vakkert

Muller beskriv hotellet og fylket som vakkert.

– Ideen om at det er ingen TV og berre bøker er utruleg. Ein treng verkeleg ikkje anna underhaldning, når ein bur i eit område som Solvorn. Her er det fjell, fjord og ei stavkyrkje over fjorden. Det er verkeleg ein magisk stad. Eg trur ikkje folk skjønar kor heldige dei er som lev i eit fylke som Sogn og Fjordane. Det er utruleg vakkert og eg veit ikkje kor mange bilete eg tok av fjorden og naturen då eg var der.

Les meir i papirutgåva eler e-avisa laurdag.



På forsiden nå


...

Storstila avslutning på sesongen

Sport 16. mai var langrennsski og gevær bytt ut med finsko og blomster for skiskyttarane i Vik, som hadde ei storstila avslutning på sesongen. Les meir

...

– Nynorsk er viktig for integreringa

Nyhende Flyktningar og arbeidsinnvandrarar som kjem til ein nynorskkommune kan i dag risikera å få berre bokmålsopplæring når dei skal læra seg norsk. Les meir

...

Skulle feira fødsel

Nyhende Dømd til fengsel i åtte månader. Les meir

...

Fuktig tur enda i krasj

Nyhende Fengsel og 30.000 kroner i bot. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.