Forsvaret la i dag ned påstand om full frifinning for rektoren i den sokalla barnepornosaka.
Forsvarar, advokat Louis Anda, meinte det måtte krevjast meir av bevisførselen enn at det her fannst bilete på ein pc.
– Er det nokon som har sett tiltala lasta ned bilete, er det nokon han har fortald det til? Eller er det betalt for barneporno frå bankkontoen til tiltala? Aktoratet seier også at ikkje noko tyder på at det er tilfelle.
Ulike
Anda meinte også at dei to sakkunnige, den eine frå politiet og den andre frå forsvaret, gav ulike forklaringar.
– Då må retten leggja vekt på forklaringa som er mest gunstig for den tiltala.