...
POPULÆRT: Mellom fire og fem tusen har besøkt høgdegarden i Fortun denne sesongen. Foto: Luster Turlag

Nesten 5.000 på Fuglesteg

Fuglesteg avrundar ein flott sesong med helgeope, servering og konsert i kulturfjøsen.

Eli Grotle E-post
Publisert 06.09.2012 kl 15:40 Oppdatert 06.09.2012 kl 15:40

Tips ein venn på e-post:

Fuglesteg avrundar ein flott sesong, med helgeope, servering og konsert i kulturfjøsen

–Dette er siste helga med ope hus og servering denne sesongen, seier Stein Bugge Næss, leiar i Luster Tur­lag.

Han fortel om uvanleg god trafikk heile som­maren.

Seks veker

–Seks veker var det servering og omvising kvar dag, og elles har det vore dugnadsfolk på vakt alle helgar frå slutten av mai, fortel han.

Luster Turlag reknar med at mellom 4.000 og 5.000 har vore inne på tunet og fått med seg den makelause utsikta og det flotte bygningsmiljøet som har vorte gjenskapt dei siste åra på denne høgdegarden, 630 meter over havet. Fleire hundre overnattingar har dei hatt, og mange har feira runde dagar i steinstove og fjøs.

–I turlaget er me spesielt stolt av å kunna visa fram den tredje bygningen, tømrastova som vart redda frå brannen i 1985, og som no er sett i stand på beste måte. Det er fint å sjå levande potteplanter og kvite gardiner att i stova, seier Bugge Næss.

Konsert

Turlaget slår på stortromma denne til helga og gjennom eit samarbeid med Turtagrø hotell har dei fått henta Christoffer Øien som skal opptre akustisk med bandet sitt i kulturfjøsen midt på dagen laurdag.

–Me trur dette skal bli ein fin konsert som passar for publikum i alle aldrar. Sogndal Turlag har fellestur til konserten frå Berdalsfjellet og ned til Fuglesteg via fjellstølen og vårstølen. Publikum elles, både dei som er i Turtagrø på Fjellfilmfestivalen og alle andre som vil vera med, kan ta seg fram på eiga hand anten nede frå Fortun eller oppe frå fjellet, seier turlagsleiaren som har med seg ein flott dugnadsgjeng som stiller med hellekaker, rømme, syltetøy og kaffi og saft til alle som vil ha servering.



På forsiden nå


...

Uroa over lite pengar

Nyhende Disposisjonsfondet inneheld lommerusk, samstundes som utfordringane står i kø. Les meir

...

Aksepterer ikkje kutt i Høyanger

Nyhende – Me i Årdal arbeidarparti aksepterer ikkje ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Høyanger. Les meir

...

Hydro krev attende 85 millionar frå kommunen

Nyhende Selskapet hevdar å ha betalt for mykje eigedomsskatt i ti år og krev no beløpet, inkludert renter, attende. Les meir

...

Slik ferierer dei på fjorden

Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.