...
EKSPLOSJON: Ulukka skjedde i kraftstasjonen Aurland 2. Foto: Arne Veum

Uendra for E-CO tilsett

Situasjonen for den E-CO tilsette som vart skada i ein eksplosjonsarta brann i ein kraftstasjon natt til laurdag vert framleis omtala som kritisk men stabil.

Publisert 23.08.2012 kl 13:23 Oppdatert 23.08.2012 kl 13:23

Tips ein venn på e-post:

Det opplyser personal- og kommunikasjonsdirektør i E-CO Energi AS, Torill Berdal. Mannen har omfattande brannskadar og vert behandla på Haukeland.

Ulukka skjedde i kraftstasjonen Aurland 2 i Vetledalen. Det vert no utført både intern og ekstern etterforsking for å bringe fram fakta om årsaksamanheng. – Politiet leiar den eksterne granskinga, og dei er sjølvsagt opptekne av om lovar og instruksar er følgde, seier Berdal. ABB er ekstern faginstans på undersøking og gransking av sjølve brytaren der brannen oppstod, og elles andre komponentar som var berørte hendinga. Kraftstasjonen vart frigitt av politiet slik at reparasjon, reingjering og opprydding kunne starte på onsdag. Berdal vil ikkje spekulere i når kan liggje føre ein årsakskonklusjon. – Det får ta den tida det tek. Det er enno også uvisst når kraftstasjonen kan setjast i drifta att.



På forsiden nå


...

Uroa over lite pengar

Nyhende Disposisjonsfondet inneheld lommerusk, samstundes som utfordringane står i kø. Les meir

...

Aksepterer ikkje kutt i Høyanger

Nyhende – Me i Årdal arbeidarparti aksepterer ikkje ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Høyanger. Les meir

...

Hydro krev attende 85 millionar frå kommunen

Nyhende Selskapet hevdar å ha betalt for mykje eigedomsskatt i ti år og krev no beløpet, inkludert renter, attende. Les meir

...

Slik ferierer dei på fjorden

Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.