...
PÅGANG: Når klatreklubben i Sogndal startar opp att aktiviteten til hausten må dei utvida tilbodet for å få plass til alle. Lisa Bjærum og Ken Eivind Thompson gler seg over stor pågang. Foto: Halvor Farsund Storvik

Klatring til topps

Grunna stor pågang frå unge klatrefrelste må klatreklubben i Sogndal utvida tilbodet.

Halvor Farsund Storvik E-post
Publisert 23.08.2012 kl 10:44 Oppdatert 23.08.2012 kl 11:30

Tips ein venn på e-post:

Klatring er i vinden som aldri før i Sogndal.

I vekst

Klatreforbundet er eitt av dei særforbunda til Norges Idrettsforbund som er i størst vekst.

Ken Eivind Thompson og Lisa Bjærum frå Sogndal Klatreklubb merkar godt den auka populariteten. No må dei utvida tilbodet for å få plass til alle som vil vera med. Og det er dei yngste, som er ivrigast.

– Me merka det i fjor at det var stor pågang og mange barn me måtte seia nei til, seier Bjærum.

Difor utvidar dei no med blant anna ei ekstra gruppe for ungar frå 10–12 år, samt eit barn- og foreldrekurs, der enno yngre barn skal få høve til å ta del. Tanken er at foreldra skal læra seg å sikra, slik at dei sjølve kan ta med seg barna på klatring.

Alternativ

Ken Eivind Thompson trur klatring som aktivitet kan vera eit godt alternativ til konkurransejaget som kan dominera i andre idrettar. Samstundes håpar han at foreldre og barn ikkje let seg skremma av ekstremsportstempelet idretten har fått.

– Før når klatring var synonymt med Trollveggen, så var det kanskje litt annleis. Men klatring har blitt veldig mykje meir enn den ekstremsporten det kanskje har fått rykte på seg for å vera, seier han.

Thompson seier òg at det berre er ein liten del av dei som driv aktivt med klatring, som deltek i konkurransar.

– Det er mange som kan finna noko i klatring, som kanskje ikkje synst noko om den konkurransebiten, seier han.

Populært

Då Lisa Bjærum frå Oslo kom som student til Sogndal fekk ho høyra at her er det fotball som gjeld. Sjølv hadde ho høyrt mest om ski og klatring.

– Det er utruleg mange eldsjeler her, som er med på å inspirera andre. Eg trur ungane merkar det òg når dei har engasjerte instruktørar, seier ho.



På forsiden nå


...

Kystvakta rydda fjorden etter raset

Nyhende Ber småbåtførarar vera på vakt. Les meir

...

Offerdalsvegen opna att

Nyhende Vart stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida laurdag. Les meir

...

Vil halda på fritt skuleval

Nyhende Noralv Distad og Høgre ønskjer å behalda Hordalandsavtalen for elevar i den vidaregåande skulen.. Les meir

...

Først ut med ny storfilm

Nyhende Sogndal Kino før verdspremeieren. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.