...
Foto: Arkiv

Aktlaus køyring

Eit vogntog skapa bekymring på fjellet.

Sogn Avis E-post
Publisert 23.08.2012 kl 08:35 Oppdatert 23.08.2012 kl 09:33

Tips ein venn på e-post:

Like etter klokka 22 onsdag kveld fekk politiet melding om aktlaus køyring med vogntog på Hemsedalsfjellet/ Lærdal.

Operasjonssentralen fekk melding om at eit vogntog hadde gjort stygge forbikøyringar av fleire andre vogntog samt ein polititenestemann i privatbil som hadde observert det heile.

Bilen vart seinare stogga av utrykkingspolitiet i Lærdal. I mellomtida var det blitt gjort byte av sjåfør. Identiteten til føraren som sat ved rattet under forbikøyringa er kjend og saka vil bli følgd opp.

Lang over grensa

Klokka 02.30 natt til torsdag hadde politiet trafikkontroll i 60-sona ved Tønjum i Lærdal. Det vart skreve 8 forenkla førelegg, og ein person vart meldt for å ha køyrt i 91 km/ t i 60-sona. Førarkortet vart og kverrsett. Ein mopedførar fekk utferdinga ein mangellapp grunna tekniske feil på mopeden.

Drakk på offentleg stad

To menn i byrjinga av tjueåra blir meldt for drikking på offentleg stad etter at ei politipatrulje trefte på dei ved Trudvang skule i Sogndal klokka 22.02.



På forsiden nå


...

Førebur seg til OL på Sognefjellet

Sport 22. mai gjekk startskotet for årets sommarskisesong. Les meir

...

La grunnsteinen i indrefileten

Nyhende – Eg har vore i ei røys tidlegare, sa Liv Signe Navarsete og la ned grunnsteinen på museumstomta dekka med grus og grov stein. Les meir

...

Spelar for britane i helga

Nyhende Med ei rykande fersk plate i bagasjen reiser sogningane til London. Les meir

...

Ottast for felekutt

Nyhende Smale instrument går trange kår i møte om kulturskulen kuttar tilbod. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.