...
TØFFE TIDER: Driftsutgiftene må kraftig ned, konstaterer ordførar Arild Ingar Lægreid. Foto: Jan Egil Fimreite

Raslar med ROBEK

Fylkesmannen varslar at Årdal vil bli innmeld i ROBEK dersom kommunen ikkje følgjer sin eigen plan for inndekking av eit underskot på vel 15 millionar kroner for 2011 i løpet av to år.

Jan Egil Fimreite E-post
Publisert 23.08.2012 kl 07:00 Oppdatert 23.08.2012 kl 07:00

Tips ein venn på e-post:

Så langt ser det mørkt ut. Etter planen skal kommunen redusera driftsutgiftene i budsjettet for 2012 med åtte milionar kroner. I det reviderte budsjettet er utgiftene reduserte med ei stad mellom 2.5 og tre millionar kroner.

– Me kjem skeivt ut i 2012 og det blir ei stor utfordring for oss å legga budsjettet for 2013, konstaterer Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal.

Fylkesmann Anne Karin Hamre er invitert til Årdal i slutten av månden, der den alvorlege økonomiske situasjonen blir drøfta.

Inga endring

Meirforbruk og svikt i inntektene, særleg skatteinntektene, er årsaka til at den tidlegare så velståande kommunen no blir truga med innmelding i ROBEK. Ordføraren ser heller inga lysning med det første.

–Eg ser inga endring til det betre på inntektssida. Me får jamvel mindre inntekter enn me rekna med, også etterat me nedjusterte nntektene i det reviderte budsjettet. Så me må innstilla oss på å leva med lægre drift i kommunen.

Er potensial

Ifølgje Hartmark-rapporten som Årdal kommune har fått utarbeidd, har Årdal kommune eit poetnsial til rduksjon av driftsutgiftene på 42 millionar kroner i løpet av fåe år. Då vil kommunen vera på gjennomsnittet i kommunegruppe 12, som kommunen tilhøyrer.

– Det blir ikkje enkelt, men stoda har blitt slik at me må byrja å nærma oss dette.

Ingen heilage kyr

Ordføraren ser ikkje noko rart i at kommunen får dette varselet frå Fylkesmannen.

–Dersom me ikkje greier å gjerna noko med situasjonen sjølve, så kan det vera realitetar i dette. Me har vore klar over situasjonen i fleire år, men no er me nøydde til å gjera noko, både politikarar, administrasjon og dei tilsette for å koma ned på eit driftsnivå me kan leva med framover.

Ordføraren lovar at det i denne prosessen ikkje finnst heilage kyr.

–Ingen er freda her, men dette er ingen enkel prosess for ein kommune som har vore van med å ha god råd.



På forsiden nå


...

Etter 674 dagar fekk Sogndal straffespark

Sport Sogndal fekk sitt første straffespark på 55 kampar då Haugesund vart slått 1–0 på bortebane måndag. Les meir

...

Travelt i Flåm og Skjolden

Nyhende Kjempa «Independence of the Seas» kom med 3.800 passasjerar til Flåm. Les meir

...

Slo Haugesund

Sport Sogndal slo Haugesund i kveld. Malick Mane sette inn kampens einaste mål frå straffemerket. Følg kampen her. Les meir

...

369 nådde toppen

Sport Årets første motbakkeløp i noregscupen vart i dag gjennomført på best mogleg vis i Lærdal. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.