...
BLIR BOK: Fotograf Jens Hauge, her frå ei utstilling i 2010.

Spenstig og vakkert frå Skald

Eit variert utval titlar er klare frå forlaget i haust.

Sogn Avis E-post
Publisert 22.08.2012 kl 20:00 Oppdatert 22.08.2012 kl 20:00

Tips ein venn på e-post:

Frå vakre bøker om Vestlandet, til bøker om kvardagsliv, idrett, musikk, kunst og teater, til ein reiseguide med dei beste opplevingane på Gran Canaria. Haustlista til Skald inneheld bøker for liten som stor.

Om Sognefjorden

Opplev Sognefjorden av Ingrid Loftesnes er ei av bøkene med forankring i vest. Reiseguiden er illustrert med foto av Finn Loftesnes, og samlar for første gong natur- og kulturattraksjonane langs ein av Noregs mest populære fjordar, melder forlaget i ei pressemelding.

Foto og kultur

I boka Jens Hauge – menneske og natur av Ingrid Norum, lar forfattarane oss bli kjende med fotokunstnaren Hauges tilnærming til landskap og menneske sin innverknad på landskapet. Kultur og foto vert det òg i boka om Sogn og Fjordane teater. Forfattar Marita Liabø og fotograf Oddleiv Apneseth formidlar eit dokumentarisk samtidsportrett om livet framfor og bak sceneteppet gjennom eit heilt år.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har i fleire år gjeve ut kunstbokserien MYNDIR. Dette er no blitt til eit samarbeid med Skals, og første bok ut er KUNSTsf2012. Den presenterer samtidskunst og -kunstnarar i Sogn og Fjordane anno 2012.



På forsiden nå


...

Uroa over lite pengar

Nyhende Disposisjonsfondet inneheld lommerusk, samstundes som utfordringane står i kø. Les meir

...

Aksepterer ikkje kutt i Høyanger

Nyhende – Me i Årdal arbeidarparti aksepterer ikkje ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Høyanger. Les meir

...

Hydro krev attende 85 millionar frå kommunen

Nyhende Selskapet hevdar å ha betalt for mykje eigedomsskatt i ti år og krev no beløpet, inkludert renter, attende. Les meir

...

Slik ferierer dei på fjorden

Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.