...
STORE DIMENSJONAR: Berre hovudet vog fire kilo. Foto: Privat

Lang og tung på line

– Ny pers, seier Olav Sande om den lange og tunge fangsten.

Gunnar Kleven E-post
Publisert 21.08.2012 kl 20:00 Oppdatert 21.08.2012 kl 20:00

Tips ein venn på e-post:

Dagen etter vart nokre hekto av den nedsalta fileten servert til middag med bacon, nypoteter og heimeavla gulrøter.

– God smak

– Aldeles nydeleg mat. Fisken var ikkje grov i kjøtet til å vera sopass diger, seier Olav?Sande.

Han er flittig brukar av Sognefjorden. Pensjonisten forsyner seg av det Sognefjorden har å by på omtrent halve året og har hytta på Sande nokre kilometer vest for Ortnevik som base.

I fjor vart det og personleg rekord for den ivrige hobbyfiskaren som tok ein steinbit på 14 kilo.

Olav Sande karakteriserer fisket der ute som ganske brukbart og soleis langt betre enn tilstanden innover i verdas lengste fjord.

Krill i magen

Hobbyfiskaren fekk eit aldri så lite sjokk då lina vart trekt for nokre dagar sidan.

– Lina flotna opp med djupvassfisk på krokane, 30–40 meter frå meg såg eg noko større som låg og flaut. Ikkje mange sekundane seinare landa ein måse på buken og tok til å hakka, seier Olav Sande om det som skulle syna seg å vera ei ny personleg lange-rekord.

Avfallet fylte to 10-liters bøtter og magen var stappa med krill. Hovudet åleine hadde ei vekt på fire kilo.

...
?24,5 KILO: Langa gav ny personleg rekord for den erfarne fiskaren. Foto: Privat


På forsiden nå


...

Frustrerte og forvirra

Nyhende Førsteklassingane på medielinja i Sogndal veit ikkje kor vegen går tredje året. Les meir

...

Storstila avslutning på sesongen

Sport 16. mai var langrennsski og gevær bytt ut med finsko og blomster for skiskyttarane i Vik, som hadde ei storstila avslutning på sesongen. Les meir

...

– Nynorsk er viktig for integreringa

Nyhende Flyktningar og arbeidsinnvandrarar som kjem til ein nynorskkommune kan i dag risikera å få berre bokmålsopplæring når dei skal læra seg norsk. Les meir

...

Skulle feira fødsel

Nyhende Dømd til fengsel i åtte månader. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.