...
SA JA: Me må vera romslege, sa Vibeke Johsen då Sogndal formannskap sa ja til fleire flyktningar,

Sa ja til fleire flyktningar

Innser bustad­utfordringane, men formannskapet vil bidra til å busetja endå fleire flyktningar.

Keth Øren E-post
Publisert 19.08.2012 kl 10:26 Oppdatert 19.08.2012 kl 10:26

Tips ein venn på e-post:

– Eg tenkjer at dette er positivt, og me er ein romsleg kommune. Eg er klar over at det gir oss nokre bustadutfordringar, sa Vibeke Johnsen (SV).

Ho var ikkje den einaste som nemnte den stramme bustad­marknaden i region­senteret, og fleire la vekt på at kommunen må ivareta dei som kjem hit.

Likevel endte det med at formannskapet i Sogndal samrøystes gjekk for rådmannen si tilråding. Laura Kvamme (Sp.) gjorde forsøk på å styrka atterhalda i vedtaket, mellom anna å sikra at flyktningane som kjem er sysselsette med noko, og får bustad.

Skepsis

Det kom aldri til avrøysting, dermed seier tilrådinga til kommunestyret at Sogndal er innstilt på å busetja 35 flyktningar i 2013, med den føresetnaden at det lukkast å skaffa desse bustad.

Opposisjonen tok tidleg til ordet for at kommunen må vera sikre på at alle desse kan blitt tekne skikkeleg vare på.

– Ein ting er å busetja, ein annan ting er å ta vare på og følgja opp i kvardagen. Det er heller ikkje heldig å samla alle i nokre få nabohus, sa Karin Vikane (H).

Vanskeleg

Status som flyktning eller asylsøkjar er vanskeleg å skilja, også for dei folkevalde. Ordføraren arresterte Vikane på at flyktningar ikkje har lov å arbeida, noko dei har. Vikane tok også opp den kvardagslege skepsisen som kan råda rundt asylbustader i sentrum.

– Me har tek i mot mange ulike grupper, og har ein del kvardagslege ting å rydda opp i. Eg veit om småungar i Fjøra som ikkje torer å vera oppe ved Trudvang, og ikkje får dei lov av foreldra heller, sa Vikane.

Blandar

– Eg har høyrt om dette innimellom, og då tek eg kontakt med mottaket. Dette er ikkje snakk om flyktningar og det er viktig å skilja mellom desse. Mottaket brukar vera nøgde med innspel som dei kan ta opp med sine bebuarar, sa Johnsen.

Kjetil Kvåle (Ap) påpeikte på at det er ei øving å skilja desse to gruppene med innvandrarar.

– Til og med i dette organet blandar ein mottaksfolk og flyktningar, sa Kvåle.



På forsiden nå


...

Kystvakta rydda fjorden etter raset

Nyhende Ber småbåtførarar vera på vakt. Les meir

...

Offerdalsvegen opna att

Nyhende Vart stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida laurdag. Les meir

...

Vil halda på fritt skuleval

Nyhende Noralv Distad og Høgre ønskjer å behalda Hordalandsavtalen for elevar i den vidaregåande skulen.. Les meir

...

Først ut med ny storfilm

Nyhende Sogndal Kino før verdspremeieren. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.