– Hjorteforvaltninga er ikkje i stand til å takla framtidige utfordringar, meiner viltforvaltar Joar Helgheim.
Viltforvaltaren i fylket mener bestandsplanlegginga må utbetrast kraftig og at kunnskapen som forskarane har tileigna seg om hjorten må setjast i system.
– Kunnskapen me har fått gjennom mellom anna merkeprosjekt av hjort på Vestlandet viser at dei fleste av dagens vald er for små til å driva målstyrt forvaltning av hjortebestanden, seier han i ei pressemelding.
Eige hjorteseminar
29.– 30. august han til seminaret Hjort 2012 i Florø, ei årleg samling der oppdatert kunnskap om hjort blir presentert.
Ei stor utfordring er stabilisering av talet hjortar.
Hjortebestanden i Noreg har frå 1970-tallet og fram til i dag hatt kontinuerleg vekst. No vil mange kommunar stabilisera bestanden for å hindra ytterlegare auke i tal hjort.
Nøye plan
– Å stabilisera bestanden på eit berekraftig nivå er mykje meir krevjande enn å lata den auks, slik situasjonen har vore så langt i vår moderne forvaltningshistorie. For eksempel vil val av avskytningsstrategi, altså kjønn og alder på dyra som blir felte, ha mer å seia enn før. Det stiller krav både til lokal forvaltning og utdøving av jakta hjå jegeren, seier Helgheim.
– Me har ei svært kort historie med mykje hjort i Noreg og har framleis mykje å læra, sier Johan Trygve Solheim, daglig leiar ved Norsk Hjortesenter.
Seminaret inviterer i år grunneigarar til workshop for å laga bestandsplan for den lokale hjortestammen i tråd med nye krav fra Direktoratet for naturforvaltning.
Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.