MJUK START: Linn Marit Aas og fadrane skal hjelpa ferske studentar inn i studentlivet.
MJUK START: Linn Marit Aas og fadrane skal hjelpa ferske studentar inn i studentlivet. Foto: Renate Sæle

Ho er faddersjefen

Linn Marit Aas førebur 115 fadrar til å ta seg av ferske sogndalsstudentar.

Renate Sæle E-post
Publisert 17.08.2012 kl 20:43 Oppdatert 17.08.2012 kl 20:43

Tips ein venn på e-post:

– Me har eit program som passar for alle. Alle studentorganisasjonane har jobba tett, her skal du kunne komma som du er og gjera det du liker best.

Fjordcruise og fest

Studentane er i full gong med å innta Sogndal att. Studiestart er måndag og ferske studentar får fadderar som skal gje dei ein best mogleg introduksjon til studietida og høgskulebygda.

Fadderveka tilbyr fjellturar til Hølsete og Stedjeåsen, bokkafé, klatring på Kvam og i Leikanger og alkoholfritt fjordcruise på Nærøyfjorden.

På kveldstid blir det mellom anna konsert med Fagernes Yacht Klubb måndag, grilling, stand-up og konsertar med Team Me og Sirkus Eliassen.

MOT–samarbeid

Ikkje alle er like glade for fadderveka og professor Frank Aarebrot ved UiB seier til bt.no at introveka dei siste åra har fått trekk av utvida russefeiring med alkoholfokus.

Linn Marit meiner dei ferske studentane får ein variert introduksjon til studentlivet. Fadrane er også opptekne av haldningar. I helga er nemleg mange av dei på kurs med den haldningsskapande organisasjonen MOT.

– Me jobbar med å sjå nye studentar og deira behov, seier ho.

Viktig for trivsel

Ho understrekar at studentar er ulike.

– Nokon legg vekt på festveka, nokon vil ha fjellturar og andre finn lesesalen. Det er viktig at alle finn noko for seg.

Fadderansvarleg er sjølv student i Sogndal på tredje året.

– Eg har vore både fadderbarn og fadder. Eg opplevde å bli godt motteken som fersk student. Det har alt å seia for tida mi vidare i Sogndal. Eg følte tidleg at gir du litt sjølv, får du mykje att.

Sosialt i lavvo

Vanskeleg hybelmarknad gjer at studentane er klare over at fleire vil kunna stå utan tak over hovudet den første tida. Derfor skal det setjast opp ein homeless camp med lavvoar.

– Ein god måte å bli kjent med medstudentane, meiner ho.

Les også: Studentar vil til Sogndal



På forsiden nå


...

Frustrerte og forvirra

Nyhende Førsteklassingane på medielinja i Sogndal veit ikkje kor vegen går tredje året. Les meir

...

Storstila avslutning på sesongen

Sport 16. mai var langrennsski og gevær bytt ut med finsko og blomster for skiskyttarane i Vik, som hadde ei storstila avslutning på sesongen. Les meir

...

– Nynorsk er viktig for integreringa

Nyhende Flyktningar og arbeidsinnvandrarar som kjem til ein nynorskkommune kan i dag risikera å få berre bokmålsopplæring når dei skal læra seg norsk. Les meir

...

Skulle feira fødsel

Nyhende Dømd til fengsel i åtte månader. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.