...
FÆRRE SOGNDØLER: På tre månader har kommune mista over 50 innbyggjarar. Foto: Arkiv

Mister innbyggjarar

Regionsenteret opplever folketalsfall for andre kvartal i år.

Sogn Avis E-post
Publisert 17.08.2012 kl 12:47 Oppdatert 17.08.2012 kl 15:20

Tips ein venn på e-post:



Folkemengda i Sogndal var 7.392 per 1.april i år. Per 1. juli har talet blitt redusert til 7.336. Det er ein nedgong på 56 personar, viser folketalsstatistikken frå Statistisk sentralbyrå.

Auke totalt

Kommunen har størst nedgong av alle kommunane i fylket i denne perioden. Fylket har samla ein folketilvekst på 120 personar og 108.424 personar per 1. juli.

Førde og Flora veks mest

Mellom kommunane som mister innbyggjarar er Årdal (-10), Selje (-10) og Eid (-19). Størst folketilvekst har Førde som aukar med 53 personar i perioden og Flora som kan registrera 24 på pluss-sida.

Sognekommunane som aukar er Balestrand (+4), Leikanger (+11), Vik (+8) og Aurland (+4) medan auken er størst for Luster (+17). Lærdal har inga endring i folketalet.

Kommune

Folketal per 1. juli 2012

Vik

2.743

Balestrand

1.342

Leikanger

2.248

Sogndal

7.336

Aurland

1.720

Lærdal

2.185

Årdal

5.537

Luster

5.041

Høyanger

4.222

På framsida no


...

Kritisk til utgreiing

Rådmann Frank Westad i Årdal vil ikkje vera med på ei felles utgreiing blant regionrådskommunane om kommunereforma. Han meiner det er bortkasta pengar.

...

Her kjem eit nytt motbakkeløp

Neste haust vil eit heilt nytt løp vera klart for dei som likar å løysa sveitten i motbakkar. Målsnora vert plassert på Raudmelen i Balestrand.

...

Slutt på laurdagspost

Regjeringa la onsdag eit forslag til ny postlov og postføreskrift ut på høyring.

...

Må låna 23 millionar meir til helsesenter

No må Sogndal ta opp meir lån for å realisera det nye helsesenteret.