...
HAUSTAKTUELL: Olaug Nilssen skriv om tidsklemma i den nye boka som kjem på Samlaget i haust. Foto: Lars Myhren Holand

Realisme på haustlista

Olaug Nilssen og Anne Viken er begge klare med haustutgjevingar.

Sogn Avis E-post
Publisert 17.08.2012 kl 11:42 Oppdatert 17.08.2012 kl 15:20

Tips ein venn på e-post:

Olaug Nilssen frå Førde gir i haust ut ei bok om familie- og arbeidsliv med namnet Kjøkenbenkrealisme- Ei ærleg bok om tidsklemma, går det fram av Samlaget si haustliste.

Ein kan også møta ei anna kvinne frå Sogn og Fjordane i bokhausten frå forlaget. Veterinær og samfunnsdebattant Anne Viken debuterer med hesteboka Elise og mysteriet med dei døde hestane.

– God tilvekst

Forlagssjef Håkon Kolmannskog la vekt på den gode tilveksten av nynorskskrivande forfattarar i presentasjonen sin.

– I 2012 er det verdt å minna om at dette språkeleg mangfaldet og demokratiske utgangspunktet ikkje har kome av seg sjølv og at det heller ikkje automatisk blir ein viktig del av den norske framtida. Det trengs forfattarar, det trengs lesarar, det trengst ein levande skriftkultur for at dette språklege mangfaldet skal bli meir enn tomme ord, sa han i presentasjonen.

Ti debutantar

Av andre forfattarar som gir ut bøker på forlaget denne hausten er Per Inge Torkelsen, Jan Roar Leikvoll, Rønnaug Kleiva, Ingelin Røssland og Kari Stai.

Samlaget gir ut rundt 100 titlar kvart år og dette er forlagets 145. haustliste inneheld ti debutantar.



På forsiden nå


...

Urter på museumsmenyen

Nyhende Klart for urte- og stadedag. Les meir

...

Skuffa over ikkje å få spela

Sport Magnus Stamnestrø (21) har opplevd nokre skuffande første månader i Sogndal. Les meir

...

Gjenreist og nyopna 20 år etter starten

Nyhende Breheimsentret har reist seg att, på rekordtid. Elleve månader tok det for AH Bygg, og ei handfull dugande handverkarar frå Sogn, å gjenreisa den unike bygningen. Les meir

...

Nytt tap for Vik

Sport Jarle Christensens menn gjekk på sesongens femte tap borte mot Varegg i ettermiddag. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.