Gammaldansmusikk av beste merke i Gaupne i helga.
– Dette er helga då det vert det høve til å sjå, høyra og dansa til framifrå gamaldansmusikk, seier festivalgeneral Arve Bjørn Røneid, og ynskjer alle velkomne til Gaupne.
Gamaldanskveld
Til helga er det klart for den store, årlege samlinga som gamaldansfolket har sett fram til gjennom eit heilt år.
Fredag 17. august er det takk-for-sist-kveld på Pyramiden senterkafé. Festivalgeneral Arve Bjørn Røneid lovar dansespel uti dei små timar frå ti ulike orkester.
Laurdag er det konsertar og buskspel både på Pyramiden og på Gaupne hotell før den store gamaldanskvelden i Parken.
Stor stemning
Over 100 spelemenn og -kvinner kjem til Gaupne for å delta under festivalen som vert skipa til for 13. gong.
Som ein skjønar ligg alt til rette for stor stemning og full innsats frå spelemenn frå store delar av landet.
For alle
Festgeneralen kan lokka musikk- og danseglade med stort spenn i musikken.
Blant dei ein kan sjå fram til å høyra:
To purke og ein gris – unge lokale utøvarar med røter i fleire stilartar
Vedkløyvarlaje – showorkester frå Bergenskanten
Indre Hafslo spelemannslag -gamle svisker i kjend innpakning
Vågå trekkspelklubb – rotekte gamaldans frå Gudbrandsdalen
Arnastrilen – Vestlandet sin beste toradarklubb.