Politiet i Årdal utelukkar ikkje at det er ei kopling mellom dei grove tjuveria på Årdal Mote og Tangen Sport.
Tjuveriet på Årdal Mote er det tredje i Årdal i sommar, og ved første augekast er det store likskapar mellom innbrotet på klesbutikken og innbrotet på Tangen Sport førre månad.
LES OGSÅ: Nytt innbrot i Årdal
LES OGSÅ: Innbrot på Tangen sport
Også då tok tjuvane seg inn ved å bora seg gjennom døra, og dei var svært selektive i det dei tok med seg.
– Modusen er den same, og me kan berre tenkja vårt. Det me ser her og no er at dette er eit selektivt grovt tjuveri, men det er for tidleg å seia noko meir enn det, seier politifyrstebetjent Helge Øvstetun til Sogn Avis.
Ingen gjennombrot
Innbrotet er som kjend det tredje innbrotet i Årdal i sommar og det fjerde i 2012. Politiet har ikkje gjort noko gjennombrot i nokon av desse sakene.
– Me har desverre ikkje registrert gjennombrot på desse. Det kan vera ei trend i Årdal for tida. Der det er lettvint å koma seg til - der får ein besøk, seier Øvstetun.
– Det set ein støkk i butikkeigarane, og det er trist at ein ikkje får driva lovleg verksemd utan at slikt skjer, legg han til.
Leitar etter DNA
I likskap med eigarane trur Øvstetun tjuvane har vore i butikken og orientert seg på førehand.
– Eg trur dei har vore innom og i ei viss form fått ei orientering om kva butikken har å tilby og for å sjekka alarmar og liknande, seier han.
Politiet vil no etterforska saka vidare og gjera kriminaltekniske undersøkingar.
– Me tek med oss kassar og liknande tjuvane kan ha vore borti for å sjå etter fingeravtrykk og sikra moglege DNA-spor, seier Øvstetun.
Politiet ønskjer tips på telefon 02 800.
Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.