Etterforskarar sit truleg på DNA frå gjerningsmannen.
I slutten av mai i år blei ein eldre mann brutalt rana i eigen bustad i Balestrand.
Førstebetjent Geir Færøvik stadfestar no overfor bt.no at dei er sikra eit DNA-profil i saka.
Tok fleire prøvar
Det er førebels ukjent kven sitt DNA dette er, men Førevik meiner det kan stamma frå gjerningsmannen.
Det er teke referansperøvar av ein del andre personar som har vore i huset til mannen, mellom anna heimesjuketenesta.
– På den måten har me kvart i alle fall klart å utelukka at DNA-et stammer frå ein del personar som har hatt lovleg tilgjenge til bustaden seier Færøvik til Bergens Tidende.
Ventar på match
Dersom det viser seg at DNA-profilen "matchar" profilar frå kjende forbrytarar, vil politiet snart ha gjennombrot i saka
Heimesjukepleien varsla
Det var heimesjukepleien som melde om mistanke om at mannen i 70 åra hadde hatt uvedkommande på besøk. Det vart gjort utrykking og åstadsundersøking ganske kjapt, og knust dørparti gav umiddelbar mistanke om at nokon hadde teke seg inn i huset.
Ifølgje vitne skal tre personar ha teke seg opp i andre etasje i bustadhuset, der dei skal ha truga til seg over tusen kroner frå den einslege eldre mannen.
Les også: – Ei ekkel oppleving
Les også: Etterforskar brutalt ran