...
Ap-leiar Hilmar Høl reagerer på Arnestad sitt innhogg. Foto: Amalie Lereng

Full strid etter avisinnlegg

Ap-leiar Hilmar Høl måtte tella til ti fleire gonger etter å ha lese Arnestad-innhogg.

Amalie Lereng E-post
Publisert 10.08.2012 kl 12:53 Oppdatert 10.08.2012 kl 12:53

Tips ein venn på e-post:

I innhogget som stod på trykk førre laurdag samanliknar Georg Arnestad utviklinga i Årdal og Sogndal, der Sogndal blir løfta fram som eit positivt døme på samfunnsutvikling og Årdal på det motsette.

Feil å samanlikna

Det provoserer Ap-leiaren, som meiner det er meiningslaust å samanlikna to så ulike kommunar, der den eine har størsteparten av arbeidsplassane i det private næringsliv og den andre i staten.

– Dei to kommunane er sterke på kvar sin måte. Eg likar ikkje denne samanlikninga. Det blir feil, seier Høl.

Ikkje overraska

Georg Arnestad sjølv meiner det er naturleg å samanlikna utviklinga i Årdal og Sogndal.

– I Sogndal er det folketalsauke og optimisme. I Årdal er det omvendt. For meg som skribent er det ei nyttig samanlikning, seier han.

Han er ikkje overraska over at innlegget hans vekkjer sterke reaksjonar i industribygda.

– Eg hadde rekna med det og hadde det i bakhovudet då eg skreiv teksten. Dette er eit veldig touchy tema for årdølene, og når eg angriper dei, forventar eg reaksjonar, seier han.

Les meir i papirutgåva eller e-avisa laurdag.



På forsiden nå


...

Uroa over lite pengar

Nyhende Disposisjonsfondet inneheld lommerusk, samstundes som utfordringane står i kø. Les meir

...

Aksepterer ikkje kutt i Høyanger

Nyhende – Me i Årdal arbeidarparti aksepterer ikkje ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Høyanger. Les meir

...

Hydro krev attende 85 millionar frå kommunen

Nyhende Selskapet hevdar å ha betalt for mykje eigedomsskatt i ti år og krev no beløpet, inkludert renter, attende. Les meir

...

Slik ferierer dei på fjorden

Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.