...
OPPGRADERING: Seljehaugen (til høgre for bygningen på biletet) skal sprengjast vekk og massen brukast til ny flyoppstillingsplass. Den skal byggjast like inntil flyplassbygget på venstre side på biletet. Foto: Keth Øren

Millionar til utviding og miljøtiltak

Sogndal lufthamn skaffar seg meir boltreplass og betre handtering av avisingsstoff.

Keth Øren E-post
Publisert 09.08.2012 kl 23:00 Oppdatert 10.08.2012 kl 07:22

Tips ein venn på e-post:

Det betyr sprenging og flytting av 50.000 kubikkmeter masse.

– Dette er for det første ei miljøforbetring, men me får og mykje større plass, seier lufthamnsjef Gunnar Solbakken.

I desse dagar startar anleggsarbeidet på Haukåsen. Seljehaugen skal sprengjast vekk og massen skal brukast til å laga ein ny flyoppstilingsplass og avisingsplattform på andre sida av bygningsmassen.

Nye tankar

Oppstillingsplassen blir større i forhold til det dei har i dag, samstundes blir det betre plass for helikoptertrafikk og såkalla småflytrafikk. Avisingsplattformen gjer at flya kan taksa bort for blitt kvitt is om vinteren, og kjemikalia blir samla i ein eigen tank og køyrd vekk. Det skal og gravast opp gamle drivstofftankar, som blir erstatta med ein tank oppå bakken.

– Me skal også fylla opp og tilretteleggja for ein ny hangar, seier Solbakken.

Todelt

Avinor har gitt grønt lys og tysdag var Solbakken i oppstartsmøte med entreprenør.

– Arbeidet skal gjerast i to omgangar, med grovoppfyllinga først i haust. Neste vår tek me siste biten inkludert asfaltering.

Og det stoppar ikkje nødvendigvis med det.

– Me håpar og på bygningsmessig arbeid i 2014, der me kan få betre plass til innsjekk og security, seier Solbakken.

Oppgraderinga på flyplassen totalt vil kosta mellom 15 og 18 millionar kroner, og litt i overkant av 50.000 kubikkmeter masse skal flyttast. Området som skal opparbeidast er cirka 13 mål. Dette betyr at Seljehaugen blir borte og det blir att eit flatt område inntil flystripa.

Utfordrar parkering

Anleggsarbeidet medfører ein del trafikk.

– Det blir verre før det blir betre. Me skal leggja til rette for parkering, men det blir anleggstrafikk i området. Me skal gjera vårt beste for at kundane ikkje vil merka så mykje, seier Solbakken.

Eit område som til no har hatt gratisparkering blir no ikkje tilgjengeleg lenger, og Solbakken håpar det blir respektert og at folk følgjer anvisningane. Området blir no riggområde, men flyplassen vil prøva å finna løysingar for turfolket, i samarbeid med entreprenør.

– Me skal leggja til rette for turfolket, og det skal bli merka plassar for korttidsparkering, seier Solbakken.



På forsiden nå


...

Vurderer opna stølsysteriet

Nyhende I Skjerdal må ein kanskje opna stølssesongen ein månad før tida. Les meir

...

– Harde grep må til

Nyhende Karen Marie Hjelmeseter er ikkje overraska over fylkesrådmannen sitt framlegg til framyidig skulebruksplan. Les meir

...

– Det rista i heile området

Nyhende Svein Kjos bur berre nokre meter frå storraset i Aurland. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.