...
ROSENBORG-NEI: Kenneth Udjus (29) takka i førre veke nei til Rosenborg. -Magekjensla mi sa at det ikkje var riktig å gå til Rosenborg no. Eg hadde ikkje lyst til å reise frå Sogndal midt i sesongen, då eg vil bidra til at me held oss i eliteserien, seier keeperen. Foto: Wantana Tierney

Takka nei til Rosenborg

Kenneth Udjus (29) takka i førre veke nei til Rosenborg.

Endre Romøren E-post
Publisert 09.08.2012 kl 11:00 Oppdatert 09.08.2012 kl 11:16

Tips ein venn på e-post:

– Magekjensla mi sa at det ikkje var riktig å gå til Rosenborg no. Dei ville ha meg som éin av to like gode målvakter (saman med Daniel Ørlund, journ. anm), men det ønskte eg ikkje, seier Udjus.

– Dessutan hadde eg ikkje lyst til å reisa frå Sogndal midt i sesongen. Eg vil fullføra her, og bidra til at me held oss i eliteserien, seier han.

Vil vidare

Det meste tyder uansett på at Udjus er tapt for Sogndal etter årets sesong. Sørlendingen sin kontrakt går ut ved sesong­slutt, og etter snart to gode år i Sogndal-drakta er han svært ettertrakta.

Fleire klubbar i eliteserien viser interesse for spelaren, som kom til Sogndal som ein del av bytehandelen der Piotr Leciejewski gjekk til Brann. I Bergen vart han berre vurdert som backup for Håkon Opdal, medan han har etablert seg som ein av dei meir stødige burvaktarane i landet etter overgangen til Sogndal.

– Eg har ikkje teke ei endeleg avgjersle, men etter sesongen kan det vera tidspunktet for meg til å prøva noko nytt. Eg har lyst til å utvikla meg vidare, seier Udjus.

Jaktar erstattar

Det tek Sogndal konsekvensane av, og klubben er allereie i gang med å jakta etter ein erstattar for 29-åringen.

– Me er i gang med å sondera terrenget, utan at me har landa på konkrete kandidatar førebels, seier assistenttrenar og spelarutviklar i Sogndal Fotball, Håvard Flo.

Klubben har to målvakter til i stallen, Leif Lysne (19) og Mathias Dyngeland (17), men desse vert ikkje rekna som

førstekeeper-materiell riktig enno.

– Desse er store talent som skal få tid til å utvikla seg vidare. Dermed er det naturleg at me ser etter ein type som er klar til å gå rett inn på laget, seier Flo.

Alvor

Men først skal keeperen frå Kristiansand bidra til at Sogndal bergar plassen i eliteserien. Etter 18 serierundar er der berre to poeng ned til Sandnes Ulf på kvalikplassen, medan det skil fire til Fredrikstad på direkte nedrykk.

– Me må ta tak alle mann, og innsjå alvoret. Me er nøydd til å vinna fleire heimekampar, der har me ikkje vore gode nok. Små marginar har gjort poengfangsten på heimebane laber, men etter så mange kampar kan me ikkje seia at me har vore uheldige. Me har ikkje vore dyktige nok, det må me gjera noko med, er den klare meldinga frå Udjus.

Les meir i papirutgåva eller e-avisa torsdag.



På forsiden nå


...

Øydelegg strandsona

Nyhende Dagcruisetrafikken i Nærøyfjorden kan vera i ferd med å øydeleggja strandsona fleire stader. Les meir

...

Frustrerte og forvirra

Nyhende Førsteklassingane på medielinja i Sogndal veit ikkje kor vegen går tredje året. Les meir

...

Storstila avslutning på sesongen

Sport 16. mai var langrennsski og gevær bytt ut med finsko og blomster for skiskyttarane i Vik, som hadde ei storstila avslutning på sesongen. Les meir

...

– Nynorsk er viktig for integreringa

Nyhende Flyktningar og arbeidsinnvandrarar som kjem til ein nynorskkommune kan i dag risikera å få berre bokmålsopplæring når dei skal læra seg norsk. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.