...
PUBLIKUM: Leiinga i Målrock håpar og trur at årets festival, den tiande i rekkja, set ny publikumsrekord. Foto: Arkiv

Ventar ny publikumsrekord

I kveld går tiande Målrock i rekkja av stabelen i Årdal.

Morten Sortland E-post
Publisert 10.08.2012 kl 07:00 Oppdatert 10.08.2012 kl 07:00

Tips ein venn på e-post:

Leiar i Stiftinga Målrock Arvid Fodnes har trua på årets festival slår alle rekordar.

– Me ligg godt an med tanke på førehandssalet då me allereie har seld over fem hundre billettar. Dette er 100 fleire enn kva me hadde på same tid rekordåret 2009, seier Fodnes.

– Eg registrerer at interessa er stor på sosiale media, me har fått mykje god PR og i tillegg ser det ut til at vêret spelar på lag med oss denne helga, seier han.

Berga festivalen

Fodnes skryt over festivalen han er leiar for, men understrekar at Målrock ikkje hadde overlevd hadde det ikkje vore for to gode år i 2007 og 2009. Fellesnemnaren for desse to åra er at vêrforholda var strålande.

– Ja, det har berga oss, og når dei åra med dårleg vêr har me merka at me ikkje har fått inn så mange publikummarar som me skulle ynskt å håpa på, seier han, og legg til at Målrock treng 5.000 besøkjande i år.

Bra program

Han seier det bør gå greitt, og skryt over årets plakat.

– I år ser eg spesielt fram til det me har fått til under Skåri med Susanne Sundfør mellom anna. Eg er imponert over kva me har fått til utanfor meiriparken, og det å få flytta festivalen litt rundt i bygda.

Har utvikla seg

Fodnes er imponert over kva festivalen i Årdal har fått til i løpet av sine ti første arrangement, og seier at Målrock har bygd opp eit fundament med klar struktur og retning.

– Målrock er ein festival som fremjar språk og dialektar, og eg har veldig mange gode minne frå alle åra me har drive på. Det var gøy første perioden då me starta festivalen med ein litt anna type musikk på scena i forhold til det me får til i dag då festivalen har fått eit rotfeste.

Dyre artistar

Til årets festival har Fodnes og kompani skrapa saman ein knippe av dei fremste og mest aktuelle artistane Noreg har å by på. Men slikt kostar pengar.

– Me brukar om lag ein halvannan million på reine artisthonorar, medan artistutgiftene ligg på eit par millionar kroner. Difor må me ha 2.500 besøkjande kvar dag for å gå i pluss. Det trur eg me klarar og noko eg sjølvsagt håpar på. I tillegg har me ein bonus med det som skjer under Skåri. Me kan fort dra inn mellom 500 og 700 gjester der også, det bør det i alle fall bli. I fjor hadde me 450 som tok turen dit, seier Fodnes, som gler seg til den tiande utgåva av Målrock til helga.



På forsiden nå


...

Uroa over lite pengar

Nyhende Disposisjonsfondet inneheld lommerusk, samstundes som utfordringane står i kø. Les meir

...

Aksepterer ikkje kutt i Høyanger

Nyhende – Me i Årdal arbeidarparti aksepterer ikkje ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Høyanger. Les meir

...

Hydro krev attende 85 millionar frå kommunen

Nyhende Selskapet hevdar å ha betalt for mykje eigedomsskatt i ti år og krev no beløpet, inkludert renter, attende. Les meir

...

Slik ferierer dei på fjorden

Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.