...
DELER UT BILLETTAR: Kjetil Straumsheim i stiftinga Målrock deler ut billettar til fem festivalpass til vinnarane av Målrock-nøtta. Foto: Morten Sortland

Desse vann festivalpass

Sjå om du er ein av dei heldige vinnarane.

Morten Sortland E-post
Publisert 09.08.2012 kl 12:00 Oppdatert 09.08.2012 kl 12:00

Tips ein venn på e-post:

Det var stor interesse rundt konkurransen dagens målrock-nøtt som Sogn Avis hadde i førre veka.

Til saman tikka inn over 600 svar på dei fem spørsmåla som vart presentert over fem dagar, og det var Steinar Drægni i Årdal Tenk Tryggleik som fekk det ærefulle oppdraget av å trekkja ut fem heldige vinnarar.

Tre gonger

Den første nøtta me var på jakt etter var kor mange gonger har Kaizers Orchestra spelt på Målrock før? Rett svar er tre gonger har dei spelt tidlegare. Årets deltaking blir deira fjerde, og det første festivalpasset gjekk derfor til Marlen Stalheim.

Turboneger i 2009

Karen Sofie Lereng slo til med rett svar på neste nøtt der me lurte på kva år Turboneger vitja Målrock. Det rette svaret var i 2009.

Tone i Sogn

Fjøra-trenar Kjell Ertesvåg hadde ingen problem på nøtt nummer tre. Tone Damli Aaberge spelte, som Kjell svara, i gruppa Sogn.

Prosjektleiar Lægreid

I 2009 var Øyvind Lægreid prosjektleiar i det lokale prosjektet «Eagles på sogning». Dette visste Marianne Nesse som vart den heldige vinnaren av det nest siste festivalpasset me delte ut.

Inga bombe

Det femte og siste festivalpasset me delte ut gjekk til årdølen Espen Solheim som svara at Big Bang var årsaka til at Målrock-stiftinga fekk mykje kritikk fordi dei hadde booka eit band som song på engelsk i 2006.

Sogn Avis gratulerer alle vinnarane av eitt festivalpass til den tiande utgåva av Målrock som går av stabelen til helga.



På forsiden nå


...

Overraskande funn

Nyhende Den arkeo-logiske utgravinga i Fosshagen i Sogndal avdekkjer spor etter dei første fastbuande i Sogndal. Les meir

...

Laga bråk på danesgalla

Nyhende Mann i 20-åra sett i arresten. Les meir

...

Kystvakta rydda fjorden etter raset

Nyhende Ber småbåtførarar vera på vakt. Les meir

...

Offerdalsvegen opna att

Nyhende Vart stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida laurdag. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.