...
Joar Søhoel er ein av 14 deltakarar som delta i årets Farmen på TV2. Foto: Arkiv

Lokal kokk til Farmen

Joar Søhoel (28) er ein av 14 deltakarar som i år skal delta på Farmen.

Ragnhild Myklemyr E-post
Publisert 09.08.2012 kl 09:56 Oppdatert 15.08.2012 kl 15:16

Tips ein venn på e-post:

– Eg er ein hardtarbeidande person. Eg har mykje vilje og dersom eg set meg eit mål, så gjer eg alt for å nå det. Eg gjer aldri opp, og er ein stor arbeidskar, seier sogndølen i eit intervju til TV2.no

Vil bidra

Kokken og restauranteigaren frå Hafslo skal vera med å kjempa om sigeren i den velkjende TV- serien, og har blanda tankar om deltakinga.

– Eg håpar dei ser på meg som ein person som står på, og er der inne fordi eg vil ta i et tak. Eg håpar at eg ikkje blir framstilt som ein konfliktperson som lager sure miner i gruppa.

På spørsmålet om kva som blir det verste med å vera med på Farmen, er han litt i tvil.

– Det er vanskeleg å tenkja på før eg kjem dit, men det kan vera det å sova på same soverom med personer eg kjem dårleg overenis med, fortel han til TV2.

Konseptet

Kanalen er no i gang med innspelinga av ein ny sesong med programmet Farmen, der 14 deltakarar skal reisa 100 år attende og leva som dei gjorde i 1912 på ein gard i Valdres. Her skal dei leva utan personlege eigendelar som mobiltelefon, iPod og andre ting som høyrer det siste hundreåret til.



På forsiden nå


...

Moro for dei minste

Nyhende – I år har me prøvd å gjera det litt kjekkare for borna, seier leiar for Kulturdagane, Turid Øiene. Les meir

...

– Støyen er slitsam

Nyhende – Det er litt voldsomt, seier Aud Midtun, som brått fekk ein kjempevegg mellom seg og fjorden. Les meir

...

Valsvik til U-21

Sport No er troppen klar. Les meir

...

Forskarar skal læra i "fornybarland"

Nyhende Neste veke forlet forskarar kontora sine og møter bedrifter og byråkratar på heimebane. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.