...
FAST BESTEMT: Bjørn Sandvik Sølsnes i Leikanger Mållag vil behalda den gamle ordlista ei stund til. Foto: Elin Stensvand

Protesterer mot bokmålnynorsk

– Det er vemodig. Eg tykkjer det er skremmande at eit slik vedtak kunne gå gjennom, seier Bjørn Sandvik Sølsnes.

Elin Stensvand E-post
Publisert 04.08.2012 kl 08:00 Oppdatert 04.08.2012 kl 10:32

Tips ein venn på e-post:

Han er med i styret i Leikanger Mållag og vart i vinter send til Oslo for å stemma nei til det nye nynorskforslaget. Men til inga nytte. 1. august vart dei nye reglane innførde.

Kritikkverdig

Torsdag skreiv Sogn Avis at Jan Olav Fretland, målmann og førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, meinte at den nye nynorsknorma ville utgjera lite forskjell for dei fleste sogningar.

Sølsnes meiner at Fretland si framstilling av den nye rettskrivinga er lite nyansert.

Tydeleg norm

– Det er rart at i-målet vert framheva som den viktigaste endringa. Det er mykje anna med den nye norma som er like kritikkverdig, seier Bjørn Sølsnes.

Sølsnes reagerar på det han meiner er eit stadig meir bokmålsprega nynorsk. Her syner han til at det til dømes vert lov å skriva svømme og bølge i tillegg til dei gamle formene symja og bølgje.

– Det er tydeleg kva veg det ber. Vert dei to skriftspråka våre for like, misser nynorsken prestisjen som sjølvstengig språk, meiner målmannen.

Han syner til mandatet til kulturdepartementet, der det mellom anna heiter at den nye nynorsknorma skulle verta «ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer».

Pugga enkeltformer

– Etter endringa har me no fleire hovudformer, noko som kan verka forvirrande. Dessutan er det no til dømes lov å skriva sommar og sumar, men ikkje både somme og sume. Sume går ut, seier Sølsnes.

– Er det forenkling når ein må pugga enkeltformer framfor å læra seg konkrete reglar?

I den nye rettskrivinga har valfridomen i frekvente ord auka.

– «Me ynskjer dykk velkomne» kan til dømes no skrivast på 16 ulike måtar, mot fire tidlegare, påpeikar han, og legg til at Språkrådet har gjeve for lite informasjon om kva dei nye endringane dreier seg om.

De og dokker

Som eit alternativ til dei personlege pronomena de og dykk, kan ein i nynorsk no òg nytta dokker, både i subjekts- og objektsform.

Sølsnes tykkjer det er merkeleg at ein har valdt å koma eitt enkelt dialektområde i møte på denne måten.

– Dersom det skal vera lov å skriva dokker, burde ein vel få lov til å skriva dikka, deke, deko, dokk og dere òg?

Les meir i papirutgåva eller e-avisa laurdag.



På forsiden nå


...

Ny kontrakt til Norsun

Nyhende Ein ny kontrakt gjer sitt til at det førebels ikkje blir fleire permitteringar ved waferfabrikken på Tangen. Les meir

...

Etter 674 dagar fekk Sogndal straffespark

Sport Sogndal fekk sitt første straffespark på 55 kampar då Haugesund vart slått 1–0 på bortebane måndag. Les meir

Årets fyrste vårteikn

...

Ser du noko til våren der du bur? Del dine vårbilete med oss; nett@sognavis.no.

Sjå bilete

...

Travelt i Flåm og Skjolden

Nyhende Kjempa «Independence of the Seas» kom med 3.800 passasjerar til Flåm. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.