...
Frå 1.august 2012 trer den nye nynorsken i bruk.

Fjella eller fjelli?

No kan du ikkje lenger velja. Frå 1 august 2012 vert den nye rettskrivinga for nynorsk gjeldande.

Ragnhild Myklemyr E-post
Publisert 01.08.2012 kl 12:29 Oppdatert 01.08.2012 kl 12:36

Tips ein venn på e-post:



– Det viktigaste ein kan seia til ein sogning er; skriv som før, seier Jan Olav Fretland, medlem av Språkrådet og førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Eit enklare skriftspråk

Endringane inneber først og fremst at ord og former som sjeldan er i bruk, vert tekne bort. Fretland trur difor ikkje folk i Sogn vil slita med å tilpassa seg reglane.

– Dei som til dagleg nyttar nynorsk vil kunne halda fram omlag som før. Formene som fell vekk har i større grad vore nytta i talespråket enn skriftspråket, slik som i-endingane. Folk i Nordfjord og Sunnfjord vil kanskje nytta seg av at ei ny form er tillate. Medan det for sogningar vil vera naturleg å halda fram å nytta de, dykk og dykkar, får dei no høva til å skriva dokk og dokkar, fortel Fretland.

Enklare å læra

Han trur dessutan endringane vil gjera det enklare for andre å læra seg målforma.

– Folk som skal læra seg norsk, eller som har nynorsk som sidemål vil no ha eit enklare regelverkt og forhalda seg til. At linjene blir klarare er eit lite steg i riktig retning,

Stor endring -liten diskusjon

Arbeidet med rettskrivinga har vore ope og det har vore mogleg for kven som helst å komma med innspel undervegs.

– Me har mellom anna opplevd stor pågang frå lærarar som meiner det er mykje å halda styr på med dei ulike formene som har vore tillate. No vil det truleg bli enklare å halda styr på og tilretteleggja undervisninga. Også dei mest ihuga Ivar Aasen-tilhengjarane har kome med innspel, men til å vera ei såpass stor endring har det vore lite usemje og diskusjon. Det tyder nok på at Språkrådet har gjort ein god jobb. seier Fretland.

Utan klammeformer

Dei nye reglane seier at ein kun skal bruka hovudformer i nynorsken. Dermed fell sideformene, også kalla klammeformer, vekk.

Døme på dette ser ein i bøyinga av ord der i-målet går ut. Sideformer som til dømes døri og fjelli, må altså erstattast med døra og fjella.

På framsida no


...

Har ikkje lyst å kutta i skulen

Politikarane vil helst fjerna eit upopulært kutt i skulesektoren, men det vil kosta dyrt.

...

No kan du sova lenger

Natt til søndag skal klokka stillast ein time tilbake.

...

Skal fronta nynorsk

Når barnhagelærar-studentane snart skal ut i praksis, har dei med seg nynorske bøker i bagasjen.

...

Drama på studentheimen

Alarmen gjekk medan studentane gjorde seg klar til fredagsfest.