...
FALSK ALARM: Oddvar Røysi har kome til den konklusjon at pynt på cruisekaien ikkje vart stolen likevel. Foto: Arkiv

Orsakar falsk tjuverialarm

Oddvar Røysi utlovde dusør for stolen pynt, men det viste seg at det aldri var snakk om tjuveri.

Halvor Farsund Storvik E-post
Publisert 01.08.2012 kl 18:00 Oppdatert 01.08.2012 kl 18:00

Tips ein venn på e-post:

I forrige veke lovde investor Oddvar Røysi 25 000 kroner til den som kunne hjelpa med å fakka den frekke planketjuven som hadde teke for seg av cruisekaien på Skjolden. No viser det seg at den forsvunne stolpepynten aldri hadde vorte montert.

Entrepenøren hadde rett og slett gått tom.

Reagerer

Det har fått somme til å reagera. I eit anonymt brev til Sogn Avis vert det uttrykt sterk misnøye over dei falske skuldingane.

– Fleire på Skjolden ser med undring på at Oddvar Røysi har peika seg sjølv ut til?«moralens vaktar» på Skjolden. Meinar han at noko har vorte stole, må han snarast melda dette til politiet. Det gjer han ikkje av den enkle grunn at ingenting er fjerna, og det ville politiet brukt 10 sekund på å stadfesta, står det i brevet.

Fekk tips

Oddvar Røysi var på søndag sjølv inne ved cruisekaien for å sjekka dei omtala stolpane. Då kom han til same konklusjon som dei anonyme brevskrivarane: pynten har aldri vore montert. Røysi har fått klarheit i at det var entrepenøren som skal ha gått tom, men seier dette er noko han aldri fekk melding om.

– Dette er ei beklagelig hending, seier Oddvar Røysi til Sogn Avis.

– Me fekk eit tips om at dette var stole og reagerte umiddelbart på det. Me følte me hadde sett oss greit inn i saka, seier Røysi.

...
MYSTERIET OPPKLARA: Det synte seg at det slett ikkje var tjuvar som stod bak dei forsvunne stolpetoppande, men at dei aldre hadde vore monterte. Biletet synder at det ikkje er spor etter skruar i treverket.


På forsiden nå


...

Gjenreist og nyopna 20 år etter starten

Nyhende Breheimsentret har reist seg att, på rekordtid. Elleve månader tok det for AH Bygg, og ei handfull dugande handverkarar frå Sogn, å gjenreisa den unike bygningen. Les meir

...

Nytt tap for Vik

Sport Jarle Christensens menn gjekk på sesongens femte tap borte mot Varegg i ettermiddag. Les meir

...

Stengd etter ras  

Nyhende Offerdalsvegen et stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida i ettermiddag. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.