...
SER FRAMOVER: John Rune Fredsvik, dagleg leiar i HMR Årdal, ser lyst på framtida. -Me jobbar med å gjera oss meir uavhengige av Hydro og har mykje å gjera i haust, seier han.

Svartmålar ikkje situasjonen

Underleverandørane til Hydro merker godt at det er mindre oppdrag i bygda. Løysinga er å sjå ut av Årdal.

Morten Sortland E-post
Amalie Lereng E-post
Publisert 19.07.2012 kl 16:00 Oppdatert 19.07.2012 kl 16:00

Tips ein venn på e-post:


FAKTA

  • IMPEC: Leverandør av utstyr og tekniske løysingar for aluminiumsindustrien. Verksemda i Årdal har i dag 26 tilsette.
  • BIS Production partner: I Årdal leverer dei produkt og tenester til lokal industri og næringsliv. Til saman sysselsetjer BIS Production Partners verksemd i Årdal cirka 235 personar.
  • HMR Hydeq: Utviklar og byggjer mobilt og stasjonært utstyr for aluminiumsindustrien. Verksemda blei etablert i 1989, då som ei avdeling under Hydro Aluminium Årdal. Er i dag eit privat selskap, og høyrer til HMR- konsernet.
  • HMR Årdal: Mekanisk verkstad med spesialisering innanfor maskinering, sveising og metallkonstruksjonar. Har 42 tilsette i Årdal.

Dersom Hydro-leiinga vel å leggja ned PFA-støyperiet med 60 arbeidsplassar, kan det også få følgjer for underleverandørane HMR Hydeq, HMR Årdal og BIS. Dei har lagt bak seg nokre tøffe år, men ingen av dei svartmålar situasjonen.

Kamp om oppdraga

HMR Hydeq leverer og utviklar utstyr for Hydro og har sidan 2008 måtta redusera bemanninga frå 70 til 50 personar. Dagleg leiar Anders Seim Jr. legg ikkje skjul på at det er tøffe tider i Årdal.

– Det er låg aktivitet, og det er kamp om oppdraga. Hydro har teke vedlikehaldsarbeidet til eit minimum, og det har me forståing for. Men det gjev store utfordringar for oss med tanke på halda på bemanning og kompetanse, seier Seim.

Trur på investering

Seim meiner det er vanskeleg å seia noko om konsekvensane eventuelle kutt på Hydro vil få for verksemda.

– Men ei nedlegging vil bety endå meir arbeidskraft å ta hand om i ein marknad med mindre oppdrag, seier han.

Han er likevel optimist med tanke på framtida.

– Me har ingen permitterte og har klart å skaffa oss oppdrag utanfor bygda. Det trur eg blir viktig i åra framover, seier han

Fredsvik har trua

Han har stor tru på at verksemda går ein hektisk haust i møte. Først og fremst fordi HMR Årdal er del av eit større konsern og får oppdrag utanfor bygda gjennom det.

– Eventuelle kutt på Hydro treng ikkje få konsekvensar for oss. Me jobbar for å gjera oss meir uavhengige av Hydro, og slik det ser ut no har me mykje å gjera framover. Me har vore gjennom tøffe tider i Årdal før, men me har kome oss gjennom det. Det trur eg me gjera denne gongen og, seier Fredsvik.

BIS ser ut

Underleverandøren BIS Production Partner har heller ingen permitterte per dags dato.

– Men det er ingen løyndom at leverandørindustrien rundt Hydro har hatt krevjande tider over lang tid, seier avdelingsleiar i Årdal, Kjell Nesse.

Les meir i papirutgåva torsdag eller e-avisa.

Les også: - Hesjar hydro

På framsida no


...

Tek over konkurrent

Kafé Øyri slepp konkurransen med Dampen.

Sjekka 53

Trafikkontroll i Øvre Årdal

Stengjer veg

I samband med rettssaka etter dødsulukka i Fardal blir fylkesvegen stengd for synfaring.

...

Her feirar han scoring i rein Adebayor-stil

Truls Hovland (18) var i eit internasjonalt humør då han scora i debuten for Sogndal 2 måndag.