...
GLAD: ? Me har aldri hatt så mange på venteliste på Høgskulen i Sogn og Fjordane før, fortell Åse Løkeland. Foto: Elin Stensvand

Studentar vil til Sogndal

– Frå søkjarfristen 15. april og fram til no ser vi ei auke i folk som vil til Sogndal, fortel Åse Løkeland, rektor ved HiSF.

Publisert 19.07.2012 kl 07:00 Oppdatert 19.07.2012 kl 10:56

Tips ein venn på e-post:

– Dette vil seie at dei har omprioritert studieønska sine i vår favør, noko som er svært gledelege nyhende.

Lang venteliste

Høgskulen i Sogn og Fjordane har fleire på venteliste enn nokon gong før. Tre studie har over 100 på venteliste.

Dette gjeld bachelorstudia i idrett og helse, sosialt arbeid og eigedomsmekling.

– Utsagnet ”Kom du inn på HISF?” er no meir reelt enn tidlegare, smiler Løkland.

Restetorget

– Me har ei auke i søkjarar på ti prosent frå i fjor, og desse er jamnt fordelte på studia.

Dette fortel at HiSf nok vil vera representerte på restetorget også i år, men med færre studieplassar enn tidlegare.

Løkland fortel at ho er spent på den neste månaden.

– No ventar me både på svara 26. juni, men også på å sjå kor mange som møter opp til studiestart.

Kontrollert vekst

– Me har ikkje nytta høvet til å auka volumet av studieplassar meir i år. Me ynskjer heller å betra kvaliteten på det me allereie har, seier HiSF-rektoren som meiner at ein kontrollert vekst er ynskjeleg.

Les meir i papirutgåva eller e-avisa.



På forsiden nå


...

– Det rista i heile området

Nyhende Svein Kjos bur berre nokre meter frå storraset i Aurland. Les meir

...

Uroa over sommarstengt politi

Nyhende Lensmannskontoret i Luster vil halda stengt fire veker i fellesferien. Det likar ordførar Ivar Kvalen dårleg. Les meir

...

Slik skal idrettslaget rekruttera fleire

Sport Sogndal Idrettslag ønskjer å rekruttera fleire utøvarar, trenarar og leiarar. Les meir

...

Vert del av Grunnlovsjubileet

Nyhende Dette er klart etter at stortingspresident Dag Terje Andersen presenterte programmet for jubileet onsdag 15. mai. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.