...
UGRAS: Harald og Stein Nornes er omringa av ugras ved bautasteinen som markerer slaget ved Fimreite. Foto: Joar Vatlestad

Bautasteinen gror att

Bautasteinen som markerer slaget ved Fimreite er skilta som sjåverdigheit, men den er ikkje lett å finna.

Joar Vatlestad
Publisert 18.07.2012 kl 14:00 Oppdatert 18.07.2012 kl 14:00

Tips ein venn på e-post:

– Her er det etablert eit område som det er venta at turistar skal nedom å sjå på, men som ikkje blir vedlikehalde, seier bonde, Harald Nornes.

– Skam

Ein humpete grusveg fører turistane ned mot sjøkanten og der ei attgrodd trapp leiar dei opp til bautasteinen. Stein Melvær Nornes, son til Harald, fortel at nokre av turistane endar opp i tunet til bøndene som bur i område, medan andre turistar snur og køyrer opp att på riksvegen.

– I følgje Sogndal kommune skal turistane parkera i Leirviki og gå ned til trappa, men då må det skiltast heile vegen ned, seier Stein, som har sett opp provisoriske skilt i Leirviki og ved trappegrinda for å hjelpa turistane.

– Her skulle det vore laga ein skikkeleg plan for område og vedlikehald, eit samarbeid mellom kommunen og grunneigarane, seier Harald Nornes.

– Ei løysing er at vegvesenet fjernar skiltet frå riksvegen, seier Harald.

Informasjon

– Det skulle vore eit informasjonsskilt ved steinen som fortel om slaget, seier Svein Jarle Holsæter, som eig grunnen steinen står på.

Holsæter har vore i kontakt med kommunen ved fleire høve.

– Eg har teke det opp med kommunen fleire gonger, og no ser det verkeleg ikkje fint ut, seier Holsæter.

– Det var voldsomt viktig kring markeringa, men ikkje etterpå. Skal dei fyrst ha steinen der, så må det haldast vedlike.

Sauene til Holsæter beitar på område, slik at graset ikkje veks vilt, men kring steinen, som er godt gøymd mellom busker, har ugras okkupert mykje av plassen.

Historisk minne

– Slaget ved Fimreite er eit historisk minne av dimensjonar, seier historikar, Johs B. Thue.

Thue trekkjer fram arrangementa kring slaget ved Stiklestad, og korleis dei der har klart å laga næring ut av historia. Han er ikkje nøgd med korleis tilhøva er ved bautasteinen som markerer slaget ved Fimreite.

– 1184 er eit voldsomt skiljeår i norsk historie. Jarle Aarvoll sit med ein gullklump i handa som han ikkje tek vare på, seier Thue.



På forsiden nå


...

Kystvakta rydda fjorden etter raset

Nyhende Ber småbåtførarar vera på vakt. Les meir

...

Offerdalsvegen opna att

Nyhende Vart stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida laurdag. Les meir

...

Vil halda på fritt skuleval

Nyhende Noralv Distad og Høgre ønskjer å behalda Hordalandsavtalen for elevar i den vidaregåande skulen.. Les meir

...

Først ut med ny storfilm

Nyhende Sogndal Kino før verdspremeieren. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.