...
HOTELLTRADISJONEN: Familien Orheim er ikkje lenger på eigarsida i Hotell Mundal etter at Hilde Orheim Mauritzen valde å selja seg ut nyss.

Slutt for langt eigarskap

– Det er vemodig, seier Hilde Mauritzen, som no er ute på eigarsida i Hotell Mundal i Fjærland.

Terje Eggum E-post
Publisert 18.07.2012 kl 10:49 Oppdatert 18.07.2012 kl 10:52

Tips ein venn på e-post:

Det historiske hotellet er heretter eigd heilt ut av Rolf Wikborg og Mountainfjord A/S. Hilde Mauritzen har sete på halve eigarskapet inntil nyss. Ho blei med på eigarsida då familien selde seg ut av hotellet for fire år sidan.

– No er eg ute både på drifts- og eigarsida, seier ho, og presiserer at ho også er ute av styret for Hotell Mundal.

Disponibel

NRK Sogn og Fjordane melde i går at den gamle eigarfamilien har teke steget heilt ut. Hilde Mauritzen opplyser til Sogn Avis at om ho ikkje lenger er på eigarsida, er ho likevel disponibel for hotelleigaren.

– Eg ynskjer Rolf Wikborg lukke til, seier ho, og held fram: – Eg stiller med alt familien kan medverka på når det gjeld gamal innsikt og kunnskap om hotelltradisjonen her i Fjærland.

Ankerfeste

– Kva blir forholdet ditt til Fjærland heretter?

– Familien er framleis solid forankra i Fjærland, me har huset vårt der inne og vil jamt vera der, seier Hilde Mauritzen, som sjølv er på veg til Bergen, via Førde. Før jul var ho ferdig sjukepleiar, sidan har ho jobba ved Førde sentralsjukehus. No er ho klar til å etablera seg i Bergen.

Passivt

Ho seier til Sogn Avis at ho har hatt bruk for tida etter mora, Marit Orheim Mauritzen, sin bortgang til å ta ei avgjerd. Hilde Mauritzen forstod at det var ei utfordring å sitja passivt med halve eigarskapen i det profilerte hotellet. Etter kvart innsåg ho at det ikkje var ei god varig, løysing.

– Eg brukte god tid på å tenkja meg om, seier ho, og er glad for at dette har vart utfallet.

Stolte

– Familien min og eg er svært stolte over å ha forvalta denne hotellarven i så mange år, seier ho, og vonar at den nye eigaren vil finna like mykje glede i å halda den gode hotellkulturen i Mundal levande.

...
FLYTTER TIL BERGEN: Hilde Orheim Mauritzen, som har fortid i kultursjefstillinga i Balestrand, er nyss utdanna sjukepleiar og på veg til framtidig jobb i Bergen. Foto: Arkiv


På forsiden nå


...

Uroa over lite pengar

Nyhende Disposisjonsfondet inneheld lommerusk, samstundes som utfordringane står i kø. Les meir

...

Aksepterer ikkje kutt i Høyanger

Nyhende – Me i Årdal arbeidarparti aksepterer ikkje ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Høyanger. Les meir

...

Hydro krev attende 85 millionar frå kommunen

Nyhende Selskapet hevdar å ha betalt for mykje eigedomsskatt i ti år og krev no beløpet, inkludert renter, attende. Les meir

...

Slik ferierer dei på fjorden

Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.