...
USAMDE: Bente Øien Hauge og Asle Hermod Aanes har heilt ulike syn på kunstverket som blei plassert på Aurlandsfjellet i helga. Her utanfor inngangen til hiet. Foto: Amalie Lereng

Debatt i bjørnehiet

Bente Øien Hauge har rosa verket opp i skyene. Asle Hermond Aanes har kalla det for boss. Sogn Avis tok dei begge med inn i hiet til den sovande bjørnen.

Amalie Lereng E-post
Publisert 17.07.2012 kl 17:00 Oppdatert 18.07.2012 kl 12:25

Tips ein venn på e-post:

Dei har begge markert seg i debatten kring den sovande bjørnen på Aurlandsfjellet. Øien Hauge som den positive, Aanes som den kritiske. I helga blei den omdiskuterte bjørnen plassert i hiet sitt på Vedahaugane, og dei to møttest til debatt.

– Ikkje kunst

– Eg trur du kjem til å endra oppfatning når du har sett verket i sitt rette element, seier Øien Hauge idet ho møter Aanes ved inngangen til bjørnehiet midt på Aurlandsfjellet.

– Etter mitt syn har du dømt ei bok du ikkje har lese. Tinga han ligg på representerer det menneskja har etterlate seg gjennom ulike tider, og lyset er heilt fantastisk. Personleg får eg ein sakral stemning av å vera inni hiet. Det er magisk, held ho fram.

– Bjørnen må berre liggja der for min del, svarar Aanes.

– Men eg vil ikkje kalla det for kunst. Det er ikkje snakk om ein gong. Det er boss.

– Me får no sjå på det, svarar Øien Hauge.

Verre enn trudd

Så går dei to inn i hiet. Det er mørkt og takhøgda er låg, men inst i hiet kviler den sovande bjørnen til kunstnaren Mark Dion oppå ein haug av gjenstandar. Rundt han er det hengane dryppstein som gir eit blått gjenskin. Elles er det mørkt.

– Dette er faktisk verre enn eg hadde trudd på førehand. Tenk å plassera slikt boss i naturen, kjem det kontant frå Aanes.

– Det er ikkje boss, svarar Øien Hauge fort og spør:

– Trur du ikkje folk kjem til å stoppa opp her når dei køyrer forbi? For meg handlar dette primært om reiseliv.

– Då byrjar me å bli einige, svarar Aanes.

– Ei hole med boss

Dei to står stille ei stund og studerer den sovande bjørnen i anlegget, som har ein total prislapp på fire millionar kroner. Aurland kommune, Lærdal kommune, Fylkeskommunen og Vegvesenet har alle sputta i ein million kvar.

– Veit du kva? Dette er rett og slett fælt, kjem det frå Aanes etter ei stund.

– Det gir meg faktisk ingenting å stå her. Dette er miljøkriminalitet. Ein kan finna dei same tinga på Sunde gjenvinning.

– Nei, alle gjenstandane er betalte for og valde med omhug. Det er dei same som ein finn i montre på museum, svarar Øien Hauge.

– Det underbyggjer berre heile dumskapen i det. For meg er dette ei hole med boss, seier Aanes.

Ikkje frelst

Dei to diskuterer ei stund til før dei forlet hiet.

– Så du blei ikkje frelst altså? spør Øien Hauge.

– Nei, dette er meir grotesk enn eg hadde trudd. For meg er dette urokkeleg skrot, svarar Aanes.

– Ja ja, då har eg i alle fall prøvd, ler Øien Hauge.

Les kunstnar Mark Dion si eiga forklaring av verket.

Bjørnen på Aurlandsfjellet

Meiner du at dette er kunst?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 22



På forsiden nå


...

Frustrerte og forvirra

Nyhende Førsteklassingane på medielinja i Sogndal veit ikkje kor vegen går tredje året. Les meir

...

Storstila avslutning på sesongen

Sport 16. mai var langrennsski og gevær bytt ut med finsko og blomster for skiskyttarane i Vik, som hadde ei storstila avslutning på sesongen. Les meir

...

– Nynorsk er viktig for integreringa

Nyhende Flyktningar og arbeidsinnvandrarar som kjem til ein nynorskkommune kan i dag risikera å få berre bokmålsopplæring når dei skal læra seg norsk. Les meir

...

Skulle feira fødsel

Nyhende Dømd til fengsel i åtte månader. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.