...
SPENT: Bård Huseby med det nye ølet som skal serverast i gode, gamle bestemorglas. Foto: Jan Inge Fardal

Henta kjeldevatn til nytt øl i Fjærland

Bryggja 1444 flasker Fjærlandsøl.

Jan Inge Fardal E-post
Publisert 17.07.2012 kl 15:00 Oppdatert 18.07.2012 kl 13:16

Tips ein venn på e-post:



Du må sjølvsagt også ha hjelp av eit kompetent bryggjeri. Bård Huseby på Fjærland Fjordstove og Hotell tok kontakt med Kinn Bryggeri i Florø og søndag kveld vart den siste tilveksten lokalt brygga øl presentert.

– Eg er kjempespent, sa Huseby då Sogn Avis vitja han eitt lite døgn før lanseringa. Då hadde han ikkje smakt på ølet sjølv.

– Nei, eg vil at alle skal ha same utgangspunkt når me skal smaka, sa den nye verten på den tradisjonsrike fjordstova då me var innom laurdag kveld. Han hadde lagt lanseringsfesten til klokka 18.00 søndag kveld!

Mange innspel

Men me må ta dette frå byrjinga.

Då det vart klart at Bård Huseby skulle overta det tradisjonsrike etablissementet heilt nede ved fjorden i fjor, sette han eitt oppslag på informasjonstavla om at han ynskte innspel frå bygdefolket.

– Eg var ute etter innspel av alle slag. Eg er oppteken av lokal tilhøyrsel – det betyr mykje. Og her er røtene djupe, seier han ute på terrassen, med fjorden rett under. Og lokalbefolkninga let ikkje sjansen gå ifrå seg. Det kom mange innspel, eitt var altså å blåsa liv att i dei gamle bryggjetradisjonane i bygda. Med ein tidlegare litauisk bryggjemeister tilsett som vaktmeister på hotellet, var det eigentleg ikkje noko spørsmål.

– Det forslaget var så godt at eg kunne ikkje lata vera å prøva å få det til, seier Huseby. Han viser fram det konkrete resultatet av det innspelet: ei stor brun flaske på 0,7 liter med lokal etikett. Han har førebels 1143 andre flasker – det vil seia – han hadde det til søndag kveld.

Eksklusivt

Før han sjølv hadde smakt på ølet, var entusiasten Huseby heilt sikker på at det nye, lokale ølet er kome for å bli.

– Dei skrytte av ølet dei som testa det ute i bryggjeriet i Florø, seier han og viser fram ei tekstmelding frå kysten?: «Ølet er overgjæra med belgisk husgjær som saman med einer, fjærlandsvatn, litt kveite karamell og røykmalt blir eit unikt øl. Smaksmessig minner det om tradisjonelle norske gardsøl, men det har ein reinare smaksprofil. Eit svært anvendeleg matøl».

– Dette høyrest bra ut i mine øyre, men det blir sjølvsagt litt eksklusivt då – ikkje noko rimeleg øl, nei, innser Huseby. Som reknar med at det skal gå bra til mat.

Hestesteinen

Bård Huseby henta personleg vatn frå Drikkesteinen, kjelda der hestane drakk i gamle dagar. Og som fjærlendingane før i tida – for alt me veit kanskje framleis – ser på som sjølve ungdomskjelda.

–Sjølvsagt trur eg det, seier Huseby som er innstilt på å ta turen til vasskjelda så ofte som naudsynt for å halda unna den etterspurnaden som måtte visa seg.

– Eg kjem også til å syta for at me får samla den einen som må til for å gje Fjærlandsølet det særpreget som det skal ha, legg den ferske verten på fjordstova i Fjærland til.

Les meir om ølet i papirutgåva eller e-avisa.

På framsida no


...

Nærmar seg mål

Asfalten på Vik stadion blir lagt med tysk presisjon.

...

Fryktar nye kutt

Innovasjon Noreg-direktør Halvor Flatland er spent på Statsbudsjettet.

...

– Katten var død då den blei dumpa

Politiet har kome i kontakt med eigar av katten etter tips frå publikum.

com.sun.jersey.api.container.MappableContainerException: freemarker.core.InvalidReferenceException: The following has evaluated to null or missing: ==> data.properties['visiolink_epages_publication_name'] [in template "components/global/footer/all.ftl" at line 31, column 62] Tip: If the failing expression is known to be legally null/missing, either specify a default value with myOptionalVar!myDefault, or use <#if myOptionalVar??>when-present<#else>when-missing. (These only cover the last step of the expression; to cover the whole expression, use parenthessis: (myOptionVar.foo)!myDefault, (myOptionVar.foo)?? The failing instruction: ==> ${data.properties["visiolink_epages_p... [in template "components/global/footer/all.ftl" at line 31, column 60]