...
INNBROT: Politet etterforskar no innbrotet på Tangen sport. Foto: Amalie Lereng

Innbrot på Tangen sport

Innbrotstjuvar har stukke av med varer og pengar for fleire hundre tusen kroner.

Morten Sortland E-post
Amalie Lereng E-post
Publisert 17.07.2012 kl 10:50 Oppdatert 18.07.2012 kl 12:51

Tips ein venn på e-post:

Tjuvane har bora seg inn via inngangen frå parkeringa på torget, og mest truleg har dette skjedd i løpet av natta.

– Dei har teke så mykje at det ikkje går an å driva butikk, seier butikkmedarbeidar Reidun Fodnes til Sogn Avis.

Det var ho som oppdaga innbrotet då ho kom på jobb i dag tidleg.

– Eg merka det med ein gong då eg kom inn døra frå baksida. No er eg heilt skjelven, seier ho.

Tok klede og vekslepengar

Det er hovudsakleg dyre merkeklede tjuvane har vore på jakt etter. Fodnes kan opplysa at dei ikkje har teke med seg syklar eller sko.

– Eg kan ikkje seia kor mykje som manglar enno, men det dreier seg om verdiar for fleire hundre tusen kroner, seier ho.

Fodnes forklarar vidare at tjuvane også har raida kassa for vekslepengar i tillegg til pengane for sal av fiskekort for fleire tusen kroner.

Ønskjer tips

Politiet jobba tysdag med å sikra seg spor på åstaden til den vidare etterforskinga.

– Me vil sikra bevis og kjem til å jobba med ei taktisk etterforsking, seier lensmann Magne Knudsen.

Politiet har foreløpig ingen mistenkte i saka, men tek gjerne imot tips frå publikum på telefon 02800.

Tidlegare i sommar skreiv Sogn Avis om innbrot på Jotun stadion. Då blei verdiar for over 50.000 kroner stolne.

I mars i år blei også Prix-butikken på Årdalstangen utsett for grovt tjuveri.

Les meir i papirutgåva onsdag eller i e-avisa.



På forsiden nå


...

369 nådde toppen

Sport Årets første motbakkeløp i noregscupen vart i dag gjennomført på best mogleg vis i Lærdal. Les meir

...

Olsson overraskar igjen

Sport Kristoffer Nesse Stephensen spelar frå start når Sogndal møter Haugesund på bortebane måndag. Følg kampen her. Les meir

...

Køyrde forbi Aurland

Nyhende Losen sette foten ned for oppankring utanfor Aurlandsvangen. Les meir

...

Desse kjem til Sommarlutt

Nyhende Programmet for årets Sommarlutt er no klart. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.