11.500 personar tok turen for å oppleva fengjande country Breim i helga.
For 18. gong, blei Norsk Country Treff arrangert på Breim.
Gode resultat
Dagleg leiar for countrytreffet, Eva Hage Solstad, trur på gode økonomiske resultat med ei publikumsauke på 1000 personar frå i fjor.
– Det er for tidleg å seia noko om det samla økonomiske resultatet, men så langt ser det positivt ut. Med fleire besøkjande ligg i alle fall alt til rette for at det ikkje blir nedgang, men det tek litt tid før me har full oversikt, seier Solstad.
Les også: Ellevill start i Breim
Rift om billettane
Festivalen starta onsdag til fullsett sal i Frislidlada.
– For mange er kyrkjekonserten høgdepunktet under Norsk Country Treff, og i år var ikkje noko unntak. Hovudartisten, Vince Gill dukka overraskande opp og spelte, så eg trur dette er ein konsert mange vil hugse i lang tid, seier Solstad.