...
Harald Wathne ( t.v.) og Ivar Kvalen på tomta. Foto: Renate Sæle

Vil sikra seg Wittgenstein-tomta

Kommunen vil sikra seg Wittgenstein-tomta og huset filosofen budde i.

Renate Sæle E-post
Publisert 15.07.2012 kl 00:16 Oppdatert 21.10.2013 kl 11:30

Tips ein venn på e-post:



– Me vil starta tingingar med grunneigar om å kjøpa grunnen, seier ordførar Ivar Kvalen.

Fleire har i lenger tid arbeidd for å synleggjera filosofen Ludwig Wittgenstein (1889–1951) sitt liv i Skjolden.

I periodar budde og virka filosofen i bygda og grunnmurane til huset han fekk bygd over Eidsvatnet står enno. På folkemunne blir staden kalla Austerrike, men utanom ei informasjonstavle og flagget i fjellsida er minna om livet til filosofen lite synleg på Skjolden i dag.

Oppbygging

Planen til kommunen er no å gå i dialog med grunneigar for å kjøpa tomta grunnmuren står på. Sjølve huset står i dag på Skjolden, målet er å få flytta dette til Austerrike att og dermed byggja opp att filosofbustaden.

Ordføraren har god tru på at det vert lettare for eit internasjonalt miljø å koma på bana for å få til meir aktivitet knytt til filosofen Ludvik Wittgenstein på Skjolden.

– Å flytta huset skal lata seg gjera, seier han.

Knut Olav Åmås, kultur og debattredaktør i Aftenposten har lenge jobba for meir synleg Wittgenstein-historie på Skjolden og har mellom annan skrive bok om filosofen.

– Verdsattraksjon

Han var på Skjolden i samband med Wittgensteinseminaret i mai og sa då til Sogn Avis han var vonbroten over Luster kommune sin tafattheit i denne saka. Åmås er mellom dei som meiner Skjolden-epoken til Wittgenstein kan bli ein verdsattraksjon

No kan det løysa seg for interesserte.

Del av bygda

Harald Vatne har lenge vore lokal eldsjel for wittgensteinhistoria og gav denne veka ordførar og kultursjef Erling Bjørnetun ei innføring i filosofen sine arbeidsperiodar på Skjolden og kva kontakt han hadde med bygdefolket.

Filosofen kom først til Skjolden i 1913 og fekk seinare sett opp eit hus på ein knaus over Eidevatnet. Her skreiv han mykje av sine mest kjende verk.

På framsida no


...

Kritisk til utgreiing

Rådmann Frank Westad i Årdal vil ikkje vera med på ei felles utgreiing blant regionrådskommunane om kommunereforma. Han meiner det er bortkasta pengar.

...

Her kjem eit nytt motbakkeløp

Neste haust vil eit heilt nytt løp vera klart for dei som likar å løysa sveitten i motbakkar. Målsnora vert plassert på Raudmelen i Balestrand.

...

Slutt på laurdagspost

Regjeringa la onsdag eit forslag til ny postlov og postføreskrift ut på høyring.

...

Må låna 23 millionar meir til helsesenter

No må Sogndal ta opp meir lån for å realisera det nye helsesenteret.