...
Roger Allan Ivin & Co i kjent stil. Foto: Håvard Nesbø.

Ellevill start i Breim

Køntrifesten er i full gang i Breim. Det var Green Granadas og Liv Signe Navarsete som starta det heile.

Publisert 14.07.2012 kl 14:04 Oppdatert 14.07.2012 kl 17:03

Tips ein venn på e-post:

Green Granadas var første mann ut og heldt ein ellevill og forrykande konsert på hovudscena på Breim etter at Liv Signe Navarsete stod for den offisielle opninga av festivalen i Trivselhagen på Sandane.

– Fokus på dugnad, samhald, tilhøyrsel og stadfesting er essensen for eit vellukka arrangement i distrikta, sa Liv Signe Navarsete i opningstalen.

Ein slik festival er utruleg viktig for regionen og tilreisande får eit forhold til Breim, meiner kommunal­ministeren.

– Slike arrangement og festivalar er omfattande og gjer noko med identiteten til bygdene. Det ligg ein enorm dugnadsinnsats bak, og samhaldet i regionen vert styrkt. Om me ser på Breim, var det tidlegare ein stad der mange berre hasta forbi, ein stad dei kanskje aldri hadde høyrt noko særleg om. Men sjå no, dette er blitt ein festival med titals tusen be­søkjande, ein plass som blir lagt merke til. Resultatet av dette er mellom anna knute­punktstatusen dei har fått. Knutepunkt gjev tryggleik og syner styrke, sa Navar­sete då ho opna knutepunktfestivalen i Nordfjord.

Og no er det køntri for alle pengane i Breim - i kveld står mellom andre Vince Gill på scena..



På forsiden nå


...

Overraskande funn

Nyhende Den arkeo-logiske utgravinga i Fosshagen i Sogndal avdekkjer spor etter dei første fastbuande i Sogndal. Les meir

...

Kystvakta rydda fjorden etter raset

Nyhende Ber småbåtførarar vera på vakt. Les meir

...

Offerdalsvegen opna att

Nyhende Vart stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida laurdag. Les meir

...

Vil halda på fritt skuleval

Nyhende Noralv Distad og Høgre ønskjer å behalda Hordalandsavtalen for elevar i den vidaregåande skulen.. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.