...
?Kunne ha gått: Dooria hadde alle føresetnader for å lykkast, meiner Kjell Alpers i konsulentselskapet Protec Innovation. Biletet er frå opninga av fabrikken der konserndirektør Knut Arild Løvdal Stauri på symbolsk vis føretek den offisielle opninga.

Rapport refsa tidleg drifta av Dooria

– Det som skjedde med Dooria, er direkte tragisk. Dei hadde alle føresetnader for å lykkast, men gløymde den menneskelege dimensjonen i dette.

Jan Egil Fimreite E-post
Publisert 14.07.2012 kl 07:00 Oppdatert 14.07.2012 kl 07:36

Tips ein venn på e-post:

Det seier konsulent Kjell Alpers i Valcon AS. Alpers dreiv tidlegare selskapet Protec Innovation as som i 2008 utarbeidde ein rapport til styret i Dooria etter ein gjennomgang av fabrikken i Årdal. I den rapporten, som er skriven berre eit drygt halvår etter at fabrikken opna dørene, kjem Alpers med krass kritikk av måten Dooria vart driven på.

Menneske

– Eg var sopass krass i kritikken av den enkle grunn at det verka som om selskapet fullstendig hadde gløymt at det var menneske som skulle styra dette. Det var lagt mykje pengar og ressursar i denne etableringa. Men det var ikkje mykje hjelp i når det berre vart henta menneske frå smelteverket til Hydro som ikkje hadde føresetnader til å driva denne type produksjon i det heile teke. Opplæringsbehovet var sterkt undervurdert. Det var heilt naudsynt å få inn folk som hadde kompetanse for denne type produksjon i utgangspunktet.

Endra føresetnader

I rapporten går det likevel klart fram at føresetnadene som fabrikken vart bygd etter, ikkje kunne leggjast til grunn då ordremassen vart meir samansett enn det som var føresett.

I tillegg kom finanskrisa, noko som ikkje gjorde drifta lettare. Mikkel Sandvik, styreleiar då Dooria Årdal gjekk inn i 2011 og i dag administrerande direktør i Dooria AS, seier han ikkje kan seia noko om kva føresetnader som låg til grunn til Dooria vart etablert.

– Dei kjenner ikkje eg i detalj, då eg ikkje var ned i den prosessen. Det eg kan seia at då eg kom inn hausten 2010, gjekk fabrikken på ein tredjedel av kapasiteten den var bygd for. Det var ikkje lønsamt å driva med så låg produksjon. Me jobba i eitt år for å få ned kostnadene og auka volumet og brukte ein del pengar for å få til dette. Me var budde på å ha drift i heile 2011 med den innskotne kapitalen, men kapitalen var brukt opp alt etter første halvår.

Liv laga

Alpers meiner fabrikken i utgangspunktet var liv laga?

– Eg er heilt overtydd om at dersom dei hadde fått inn kompetente folk og driftige folk til å styra det heile, så var det ikkje andre dørfabrikkar som hadde betre føresetnader til å lykkast enn denne. Den interne logistikken var god med topp moderne utstyr og gode råvarer. Likevel fekk dei problem med kvalitet og reklamasjonar. Du kan ikkje levere dårleg kvalitet i ein marknad som Noreg og Norden, då har du ikkje livets rett.

Les meir om saka i papirutgåva eller på e-avisa.



På forsiden nå


...

Storstila avslutning på sesongen

Sport 16. mai var langrennsski og gevær bytt ut med finsko og blomster for skiskyttarane i Vik, som hadde ei storstila avslutning på sesongen. Les meir

...

– Nynorsk er viktig for integreringa

Nyhende Flyktningar og arbeidsinnvandrarar som kjem til ein nynorskkommune kan i dag risikera å få berre bokmålsopplæring når dei skal læra seg norsk. Les meir

...

Skulle feira fødsel

Nyhende Dømd til fengsel i åtte månader. Les meir

...

Fuktig tur enda i krasj

Nyhende Fengsel og 30.000 kroner i bot. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.