Brytskreftoperert og berre 11 dagar etter siste cellegiftkur sykla Anne Kristin Holen Sognefjordrittet frå Skjolden til Sogndal.
I målområdet stod ein ivrig heiagjeng og heia på superpreke tanta si, og alle dei andre som sykla Sognefjordrittet - Roald Kalstads minneritt.
På tandem
– Hardt, men moro, seier Anne Kristin. Eg har god muskelkraft i Andreas Bjelde, seier Anne Kristin Holen, og storkosa seg på tandemsykkelen ut langs med Lustrafjorden denne flotte laurdagen.
Imponerande er det at 47-åringen sette seg på sykkelen og sykla minnerittet, berre 11 dagar etter den åttande cellegiftkuren sin.
– Fysisk aktivitet hjelper med òg når eg er nedsliten. Ved å sykla minnerittet stør eg eit godt tiltak, feirar at eg vert frisk og feirar helsa, men sykling har eg ikkje drive mykje med, seier Anne Kristin. Ho smiler sjølv om ho er støl og sliten etter nesten seks mil på tandemsykkel.