...
STOLTE: -Me greidde målet vårt, konstaterer frå venstre Bernt Ullebø, Geir Orrestad og Erik Stedje. Foto: Sigrid Svartefoss

Sognetrio i 12 timarsklubben

Jubelscenane i målområdet var sykkelkongar verdig.

Sigrid Svartefoss E-post
Publisert 09.07.2012 kl 12:59 Oppdatert 09.07.2012 kl 13:39

Tips ein venn på e-post:



Trioen frå Sogn cykleklubb hadde eit mål: Å fullføra knalltøffe Jotunheimen rundt under 13 timar. Det greidde dei med ein margin på eit minutt og to sekund.

Stakk frå

Då gjorde det ingen ting at Kenneth Fegri frå Gran Sport, rulla først over mållinja etter tre fjellovergangar; Filefjell, over Valdresflya og Sognefjellet og 43 mil på 12.47.33.

– Sjølv om det ikkje vart løyperekord, er eg godt nøgd med ei så sterk tid, seier Fegri. Han deltok for sjuande gong og vann rittet for tredje gong.

Han tok sjansen og stakk frå feltet litt før Sognefjellet.

– Eg såg dei andre i feltet var slitne. Rykkjer du no, har me ikkje sjansen til å følgja deg. Dei var ærleg karane frå Sogn cykleklubb, smiler Fegri.

Ein ny runde

– Me greidde det! Erik Stedje er frå seg av glede i målområdet då det søkk inn i han at det store målet å sykla Jotunheimen rundt under 13 timar var i boks. Klokka viste 12.58.58 då sogndølene Geir Orrestad og Erik Stedje og Bernt Ullebø frå Høyanger passerte mållinja, klokka inn på same tid.

Gledesutbrota vart endå villare då det sokk inn i dei tre at målet var nådd med over minuttet, og ikkje med berre to fattige sekund som dei trudde etter å ha kome i mål.

– Dette var raott. Det er nesten så eg får lyst til å ta ein runde til, gliser Stedje.

– Inne i Kvam trudde eg ikkje me skulle greia det. Me bruker 20 minutt til mål, og me låg bak. Me køyrde knallhardt. Alle gav alt på slutten, seier Geir Orrestad, og er så glad så glad.

Næringstom

Målet var klart før rittet rulla ut frå Lærdal fredag kvelden, men Jotunheim-rittet er ekstremt krevjande. Vêret er avgjerande, men natt til laurdag var det draumetilhøve. Pluss 10 over Valdresflya, like bra på Sognefjellet og vindstille.

– På Lom var me 10 minutt etter skjema. Midt på Sognefjellet bestemde me oss for å køyra på. Me skulle nå målet; å koma i 12 timarsklubben, seier Geir, som frykta det verste då han køyrde seg næringstom på Heggmyrane.

– Sjokolade og cola berga meg, og kroppen var på topp att, seier Orrestad.

Les meir i papirutgåva eller på e-avisa.

På framsida no


Rune gjekk til filmen

Rune Hovland, prosjektingeniør ved teknologisenteret i Årdal, var i utgangspunktet litt skeptisk, men takka ja til å bli med som norsk representant i ein ny video frå Hydro.

Bil påkøyrd bakfrå

Tips oss: E-post: redaksjon@sognavis.no MMS: SOgn til 1982 Tlf: 57 65 60 00

...

Trailer sperra vegen

Søndag kveld sperra ein trailer vegen i øvste hårnålssvingen mellom Borlaug og Breistøl.

...

Mann i 30-åra omkom

Brøytebilsjåfør omkom på Hemsedalsfjellet.