...
Filmfotograf Jo Bergersen (t.h.) er ansvarleg for dokumentarfilmen frå Malakoff Rockfestival. Med i prosjektet er også frå venstre mentor Inge Kjell Holme ved Sogndal vidaregåande skule, Daniel Volle i VolleFilms og prosjektkoordinator Terje Vatlestad i Sogndal Musikkforum. Foto: Pressefoto

95.000 kroner til filmprosjekt

Lokale talent får stønad til filmprosjekt.

Sogn Avis E-post
Publisert 09.07.2012 kl 11:32 Oppdatert 09.07.2012 kl 13:39

Tips ein venn på e-post:

Prosjektet skal setja søkjelys på positiv ungdomskultur i fylket, gjennom ein dokumentarfilm frå Malakoff Rockfestival. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner dette er viktig omdømebygging.

– Malakoff Rockfestival har vore ei nyskaping på den nasjonale festivalscena fordi dei kvart år har evna å presentera eit aktuelt og spennande program. Like viktig er at festivalen har vore tufta på eit genuint ungdomsengasjement. Eg tykkjer det er eineståande og flott at me no kan få dokumentert dette gjennom eit filmprosjekt frå eit aktivt filmmiljø, seier fylkesordføraren.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har løyvd 80 000 kroner og Sparebanken Vest 15 000 kroner til dokumentarfilmprosjektet.

Det er filmfotograf Jo Bergersen som skal filma under årets Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Filmen skal nyttast av både fylkeskommunen og av rockefestivalen, og målet er blant anna å visa positiv aktivitet for ungdom i fylket og stimulere til vidare utvikling av musikk- og filmmiljøet.

Del av bulyst-prosjekt

Det er det profesjonelle filmmiljøet på Fosshaugane Campus, Sogndal musikkforum og Sogndal vidaregåande skule som står bak prosjektet. Dei søkte tidlegare i år om bulyst-midlar til eit prosjekt om dokumentarfilmar og ungdomsmiljø i Sogn og Fjordane. Dette fekk ikkje støtte i førre tildelingsrunde i Kommunal- og regionaldepartementet.

– Me jobbar no vidare med denne søknaden, seier prosjektkoordinator Terje Vatlestad i Sogndal musikkforum.

Ei tillitserklæring

Medielærar ved Sogndal vidaregåande skule, Inge Kjell Holme, er mentor i prosjektet og nøgd med midlane.

– Det er ei tillitserklæring at me får desse 95 000 kronene no. Me er veldig glade for å vera i gang med prosjektet, seier han.



På forsiden nå


...

Attende med kanonfrispark

Sport Ann Katrin Grotle (23) fornekta seg ikkje då ho gjorde comeback for Kaupanger i 4–2 sigeren over Fart i 1. divisjon laurdag. Les meir

...

Festfotball i Årdal

Sport Årdal FK inviterte til fotballfest mot Tornado Måløy laurdag ettermiddag. Les meir

...

Aksjonerte for betre busstilbod

Nyhende KrFU aksjonerte for betre busstilbod med å ta natta i eit telt utanfor skysstasjonen i Sogndal. Les meir

...

Desse kjem til Målrock

Nyhende Programmet til den ellevte utgåva av Målrock er nesten i boks. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.