...
STEL UTSTYR: Politiet ser ikkje vekk ifrå at det kan vera snakk om ei ny trend. Foto: Gjensidige

– Pass på gardsreiskapa

Stadig fleire opplever tjuveri av gardsutstyr.

Sogn Avis E-post
Publisert 09.07.2012 kl 10:50 Oppdatert 09.07.2012 kl 11:02

Tips ein venn på e-post:

– Mykje trafikk passerer gardsbruka i Sogn om sommaren, og ofte ser ein verdifullt gardsutstyr stå lett tilgjengeleg, seier Arne Voll, informasjonsansvarleg i Gjensidige.

Selskapet har i år motteke fleire meldingar om tjuveri av gardsreiskap. Alt frå ATV’ar, vedmaskiner, plogar, harver og hengjarar har forsvunne, og det er snakk om store verdiar.

– Tida no er høgaktuell då dei fleste byrjar å bli ferdige med våronna, men kanskje ikkje har rukket å få all reiskapen heim til garden enda, seier Voll.

Ny trend

Forsikringsselskapet utelet ikkje at det kan vera ei ny trend og dreia seg om organisert kriminalitet

– Utstyret som blir stole er tungt, og ikkje noko ein tek med seg på impuls. Ein treng gaffel eller kran og ein stor bil for å få med seg slikt utstyr, påpeiker Voll.

–Må tena på det

Gjensidige trur tjuvegodset anten blir omsett som skrapjarn i Noreg eller ført ut av landet og seld.

– Me veit at dei som står bak tjuveria må tena på det på ein eller anna måte. Me er usikre på korleis, men det er inga hemmelegheit at stålprisen er høg, og slike tjuveri først har dukka opp dei siste åra, seier Voll.

Tjuveria har funne stad både på innlandet og på Jæren, men Gjensidige fryktar at bandane vil flytta til andre stader i landet, dersom det er snakk om organisert kriminalitet.



På forsiden nå


...

Uroa over lite pengar

Nyhende Disposisjonsfondet inneheld lommerusk, samstundes som utfordringane står i kø. Les meir

...

Aksepterer ikkje kutt i Høyanger

Nyhende – Me i Årdal arbeidarparti aksepterer ikkje ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Høyanger. Les meir

...

Hydro krev attende 85 millionar frå kommunen

Nyhende Selskapet hevdar å ha betalt for mykje eigedomsskatt i ti år og krev no beløpet, inkludert renter, attende. Les meir

...

Slik ferierer dei på fjorden

Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.