...
Foto: Renate Sæle

Bryt konsesjonskrava

Færre direktefly mot Oslo.

Kai Martin Brekke E-post
Publisert 08.07.2012 kl 15:44 Oppdatert 08.07.2012 kl 15:44

Tips ein venn på e-post:

Sogndalsordførar Jarle Aarvoll reagerer sterkt at Widerøe bryt konsesjonskrava om fire daglege avgangar frå Haukåsen til Oslo.

– Spelereglar er til for å følgjast. Det gjeld alle partar, også Widerøe, seier Aarvoll.

Klart krav

Flytilbodet på kortbanenettet i Sogn og Fjordane var i vår ute på anbod, med påfølgjande høyringsrundar. For Sogndal Lufthamn var kravet i anbodet fire daglege direkteruter mot Oslo. Widerøe fekk tilslaget, men i rutene som tok til 1. april er ikkje kravet om fire direkteruter følgt opp. Ingen ting tyder på at dette vil bli endra når flyselskapet kjem med framlegg til nytt ruteprogram som skal gjelda frå 1. september. Ettermiddagsflyet, klokka 14, som tidlegare gjekk direkte til Gardermoen, vil i så fall få permanent mellomlanding på Sandane. Det vil ikkje Aarvoll godta.

Jobbar politisk

– Me kjem til å jobba mot Stortinget og den politiske leiinga i Samferdsledepartementet for at kravet om fire direkteavgangar blir innfridd, seier Aarvoll, og legg ikkje skjul på at han trur det er kapasitetsproblem som gjer at Widerøe må stokka om på flyparken.

Møter veggen

Han seier det vert jobba tett i regionen for å få på plass eit godt flytilbod, og viser til høyringsuttalane, mellom annan frå Fylkeskommunen, som er krystallklare på fire daglege direkteavgangar slik anbodskravet var.

– Regionrådet har prøvd å få til eit møte med Samferdselsdepartementet, men dei berre viser til uttalen frå fylkeskommunen. Me har også prøvd å få til eit møte med Widerøe, noko me ikkje har fått gehør for. Dei gjer som departementet, viser til høyringane, seier Aarvoll, og tykkjer det er mange steg attende om ein reduserer tilbodet på ein flyplass som første halvår i år kan visa til ein trafikkvekst på 13 prosent, og som då Anda var stengt i fjor fylte flya på eiga hand.

Vedgjekk brot

Tysdag i førre veke hadde fylkeskommunen eit sokalla kontaktmøte med leiinga i Widerøe. Det møtet stadfesta uroa sogndalsordføraren framfører.

– Eg ønskte å personleg følgja opp innspela i høyringsuttalen frå fylkesutvalet, forsikra meg om at Widerøe tek med seg alvoret i dei punkta me har peikt på er viktige for oss, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Eitt av punkta er fire direkte daglege flyavgangar mellom Sogndal og Oslo.

– Widerøe nektar ikkje på at dei bryt anbodsgrunnlaget her, men argumenterte med at dei ut frå ei totalvurdering hadde kome fram til det beste tilbodet for fylket, seier Kjelsnes, og fekk eit klart inntrykk av at Widerøe ikkje kom til å endra på dagens opplegg når dey nye ruteprogrammet blir presentert.

– Det verkar som om det berre vil skje ved at departementet overprøver flyselskapet, seier Kjelsnes.

Vurderer totalen

– Det stemmer at me bryt med kravet i konsesjonen, men me har vurdert totalen for heile fylket. Det seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe. Han vedgår at Widerøe sitt framlegg heller ikkje samsvarar med høyringsuttalen til fylkeskommunen når det gjeld direktefly frå Haukåsen.

Svekt på Anda

– Fylkeskommunen vil ha fire direkteavgangar om dagen, me har gjort framlegg om at det ikkje skal vera det, seier Kongsteien, og legg til at det er omsynet til Sandane som ligg bak Widerøe sitt framlegg.

– Kravet om direkteruter frå Førde og Sogndal gjorde at Sandane kom ekstra dårleg ut. Får me lov til å dela ettermiddagsflyet med Sogndal vil me få eit betre totaltilbod til flypassasjerane i fylket, seier kommunikasjonsdirektøren.

Ser behovet

Han ser, ut frå trafikkgrunnlag og trafikkvekst, at det for Sogndal isolert hadde vore best med både nattstasjonert fly og fire daglege direkteavgangar austover.

– Det gjer eg, men me må sjå på kva me kan løysa kommersielt og kva som er best fylket sett under eitt, seier Kongsteien. Det nye ruteprogrammet til Widerøe skal gjelda frå 1. september. No blir det opp til departementet å avgjera om det er uttalen frå fylkeskommunen eller framlegget frå Widerøe som skal tilleggjast mest vekt.



På forsiden nå


...

Forskarar skal læra i "fornybarland"

Nyhende Neste veke forlet forskarar kontora sine og møter bedrifter og byråkratar på heimebane. Les meir

...

Uroa over lite pengar

Nyhende Disposisjonsfondet inneheld lommerusk, samstundes som utfordringane står i kø. Les meir

...

Aksepterer ikkje kutt i Høyanger

Nyhende – Me i Årdal arbeidarparti aksepterer ikkje ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Høyanger. Les meir

...

Hydro krev attende 85 millionar frå kommunen

Nyhende Selskapet hevdar å ha betalt for mykje eigedomsskatt i ti år og krev no beløpet, inkludert renter, attende. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.