Solide brøytekantar.
Opning av høgfjellsvegen frå riksveg 13 og innover mot Stølsheimen, om lag 15 kilometer unna, vart ein grei affære for Stokkebø maskin AS som gjekk laus på jobben måndag.
Mykje snø
Kvilesteinsvegen var meldt open torsdag. I 12-tida i går var maskiner og mannskap komen midtveges på Kvilesteinsvatnet og siste par kilometrane, til yste demma, vart ekspedert går i ettermiddag.
Tyngste etappen var i hallinga ned frå Svartevatnet, her er brøytekantane 7-8 meter.
- Det var sopass mykje snø at grabben på gravemaskina ikkje nådde ned i vegbana, seier Nils Georg Settevik.
Det blir også nytta fres i vegopninga.