...
TRAFIKKSIKKER STUBBE: Dette er gangvegen mellom Vange bru og Seljestokkane, opparbeidinga skulle ikkje kosta Vik kommune noko som helst. Foto: Gunnar Kleven

Gratis veg vart dyr

Vik kommunen skulle få gangvegen gratis, no har prislappen bykst til 400.000 kroner.

Gunnar Kleven E-post
Publisert 04.07.2012 kl 11:00 Oppdatert 04.07.2012 kl 11:00

Tips ein venn på e-post:

Aurstad AS og Statkraft skrytte på seg sponsinga av den nye gangvegen ved Vange bru, med alle formalitetar og grunnkjøp i boks, sit Vik kommune igjen med ei rekning på 400.000 kroner.

«Her byggjer Statkraft/Aur­stad gangveg gratis for Vik kommune», stod det på skiltet mellom Vange bru og Seljestokkane.

Grunnerverv og asfalt

Innsatsen var meint som ei generøs gåve i samband med rehabiliteringa av kraftverksdammen i Refsdal som vart på to sommarsesongar.

Tungtransporten av diger plastringsstein mellom Vangsnes og damanlegget, i alt 5.000–6.000 lastebillass, sette fotgjengarar, syklistar og skuleelevar til og frå Seljestokkane på tøff prøve.

Dette var bakgrunnen for bygginga av den 150 meter lange gangvegen langs fylkesvegen.

– Sjølv om gangvegen eigentleg er Staten vegvesen og fylkeskommunen sitt ansvar, har Vik kommune måtta ta kostnaden både med grunnerverv og asfaltering. Alternativet hadde vore at gangvegen vart fjerna på Statkraft og Aurstad sin kostnad, seier rådmann Oddbjørn Ese.

Har ikkje råd

Grepet med å fjerna vegen hadde hamna i kategorien molbo-åtferd, alternativet vart i staden opprusting til permanent gangveg.

– Det vart likevel Vik kommune som til slutt måtte ta ansvar. Økonomisk har Vik kommune ikkje råd til å ta på seg andre sine kostnader, seier Ese.

Rådmannen i Vik meiner gangvegen er eit nytt døme på at raske, lure løysingar ikkje alltid gjev det forventa resultatet.

– Men eg er sjølvsagt glad for at brukarane, ikkje minst skuleelevane, har fått ein trafikksikker veg, seier Oddbjørn Ese.



På forsiden nå


...

Uroa over lite pengar

Nyhende Disposisjonsfondet inneheld lommerusk, samstundes som utfordringane står i kø. Les meir

...

Aksepterer ikkje kutt i Høyanger

Nyhende – Me i Årdal arbeidarparti aksepterer ikkje ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Høyanger. Les meir

...

Hydro krev attende 85 millionar frå kommunen

Nyhende Selskapet hevdar å ha betalt for mykje eigedomsskatt i ti år og krev no beløpet, inkludert renter, attende. Les meir

...

Slik ferierer dei på fjorden

Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.