Ekstremvêr kan ta knekken på furuskogen.
Klimaekspert Leif Hauge uttala til Sogn Avis i juni, at ham meinte kulde og uttørking var årsaka til den brune skogen i Lærdal. No kan det visa seg at orkanen Dagmar må ta skulda for at skogen døyr,
Saltskader
Forskarar fryktar no at skogen på Vestlandet ikkje taklar ei tid med fleire orkanar og ekstremvêr.
– Etter det eg har høyrt er det sannsynlegvis at dette skuldast saltskader etter den store stormen i vinter, kjend som Dagmar, seier skogforskar ved Norsk institutt for skog og landskap, Oddvar Skre, til TV2 sine heimesider.
Kan stryka med
Ein ser no på langtidsverknadene av herjingane som råka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i romjula i fjor. Saltet har truleg skadd nåler og skot,
– Êin enkelt storm eit år er ikkje verre enn at treet kan komma seg att etter skaden, men dersom dette kjem attende kvart einaste år, kan det føra til at skogen stryk med, seier Skre til TV2.