...
Det er framleis mogleg å nytta seg av løypene på Sognefjellet. Foto: Ove Fortun

Løyper frå hyttedøra

Her held skisesongen fram utover sommaren.

Publisert 03.07.2012 kl 13:43 Oppdatert 04.07.2012 kl 08:15

Tips ein venn på e-post:

– Det er heilt unike høve på Sognefjellet no. Normalt må me leggja skiløypa lenger vest, men no går den rett frå hyttedøra, seier Ove Fortun, dagleg leiar på Sognefjell Skisenter.

– Eit eldorado

Fortun er kjempenøgd med forholda i den seks kilometer lange løypa.

– Det er eineståande forhold for både klassisk og skøyting, og me har hatt god aktivitet her sidan juni. Me saltar løypene slik at dei skal halde seg faste og gode. Folk kosar seg i sommarklede her oppe.

Frå Kirkenes

Han seier at folk kjem langvegsfrå for å trena i løypene på Sognefjellet.

– Folk har teke turen heilt frå Kirkenes, og i dag har me ein familie frå Bodø her. Folk reiser langt for å oppleva dei gode løypene.

Lang sesong

Planen er å halda løypene i drift til midten av juli, før dei vert flytta vestover og nytta der ein månad.

Han håpar at enda fleire vil sjå moglegheita for skigåing i sommarsola.

– Skieliten har vore her, og både utøvarar frå Luster og Lom nyttar løypene aktivt. Likevel er det sørgjeleg at ikkje fleire veit om denne moglegheita, seier Fortun.

...
Flotte løyper på Sognefjellet. Foto: Ove Fortun
...
Løypene på Sognefjellet er populære i sommarsesongen. Foto: Ove Fortun


På forsiden nå


...

Gjenreist og nyopna 20 år etter starten

Nyhende Breheimsentret har reist seg att, på rekordtid. Elleve månader tok det for AH Bygg, og ei handfull dugande handverkarar frå Sogn, å gjenreisa den unike bygningen. Les meir

...

Nytt tap for Vik

Sport Jarle Christensens menn gjekk på sesongens femte tap borte mot Varegg i ettermiddag. Les meir

...

Stengd etter ras  

Nyhende Offerdalsvegen et stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida i ettermiddag. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.