...
Aud Irene Loven i Aurland fortel at ho merka jordskjelvet måndag morgon. Foto: Arkiv

Opplevde jordskjelv

I Aurland og Fresvik kunne ein merka kraftig during frå jordskjelvet som var meldt i Hordaland.

Ragnhild Myklemyr E-post
Publisert 02.07.2012 kl 13:36 Oppdatert 02.07.2012 kl 13:37

Tips ein venn på e-post:

– Eg stod opp i dag, og la meg på sofaen. Klokka ni vakna eg av ei forferdeleg during. Alt som låg på bordet skramla, og det høyrdest ut som ei tung maskin køyrde forbi, forklarar Aud Irene Loven i Aurland.

Ubehageleg

Det er ikkje første gong Loven opplever jordskjelv.

– Det minna mykje om førre gong me opplevde det her. Eg tykkjer ekstremvêr og slik er litt spennande, men der er jo litt ubehageleg når det skjer fleire gonger.

Veggene rista

Også i Fresvik blei jordskjelvet observert.

– Eg var i uthuset då det plutseleg byrja å klirra i veggene. Fyrst blei eg usikker på kvar vibrasjonen kom frå, då eg stod heilt i ro. Like etterpå såg eg på nyheitene at det var meldt om jordskjelv i Hordaland, nøyaktig på same tidspunkt som eg opplevde ristinga her, forklarar Udvin Breilid.

Utan skadeverknader

Jordskjelvekspert ved Universitetet i Bergen, Kuvvet Atkan, fortel til Bergens Tidende at jordskjelvet hadde episenter om lag midt mellom Vaksdal og Norheim i Hardanger og målte 3,0 på Richters skala.

Det er berre tre månader sidan Voss og Fedje på same dag blei skaka av jordskjelv på høvesvis 3,3 og 3,2 på Richters skala. Ei veke tidlegare blee Etne utsett for eit skjelv på 3,5.

– Det har vore mange skjelv på rundt 3 på skalaen i Hardanger og på Vestlandet. For at det skal vera skadeverknader, må me kome over 4,5 og 5, seier han til BT.no

Sist gong Vestlandet opplevde eit skjelv på den storleiken var i 2000, då eit jordskjelv utanfor Sotra og Øygarden blei målt til 4,5



På forsiden nå


...

Konkurrent overtek maskinene

Nyhende Det er ikkje igjen snev av håp om å berga spisskompetansen på marine himlingar. Les meir

...

Førebur seg til OL på Sognefjellet

Sport 22. mai gjekk startskotet for årets sommarskisesong. Les meir

...

La grunnsteinen i indrefileten

Nyhende – Eg har vore i ei røys tidlegare, sa Liv Signe Navarsete og la ned grunnsteinen på museumstomta dekka med grus og grov stein. Les meir

...

Spelar for britane i helga

Nyhende Med ei rykande fersk plate i bagasjen reiser sogningane til London. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.