...
Det vart stopp i den første krappe svingen. Foto: HHT

Vongtog trassa skilting

Ein lesar blei førre laurdag vitne til ei optimistisk ferd langs smale vegar.

Sogn Avis E-post
Publisert 02.07.2012 kl 12:33 Oppdatert 02.07.2012 kl 13:06

Tips ein venn på e-post:


...
Det vart stopp i den første krappe svingen. Foto: HHT
...
Skiltet skulle vera klart, men ikkje i dette høvet. Foto: HHT

Eit vogntog med utanlandsk opphav, valde Tidnevegen som reiserute på veg nordover.

– Skilta som fortel at maksgrensa for lengde på køyretøy på denne vegen er 10 meter, det såg ikkje ut til å skremma sjåfør og hjelpemann. Det gjekk nokolunde opp til svingane før det blei bråstopp. Både asfalt, understell og vegfender fekk nokre riper, forklarar bilisten som var vitne til hendinga.

Fekk snudd

Med høge kommandorop frå hjelpesmannen kom vogntoget ifølgje vitnet seg ned att.

– Ein del overraska småbilførarar fekk ei oppleving, og nokre årdalsfamiliar med bustad langs vegen opp frå bygda fekk høyra ein del rop frå ein sterkt oppgjeven hjelpesmann på vogntoget.

Det så ikkje ut til å få konsekvensar for den dristige føraren.

– Truleg fekk sjåføren køyra vidare, og valde sikkert ei anna reiserute enn Tindevegen. Så kan ei nok lura på kva som hadde hendt om vogntoget hadde kome frå nord og så køyrt ned mot Øvre Årdal. Truleg ville det ført til ein del trafikkproblem i helga, seier den oppgjevne lesaren.

På framsida no


...

Lærarane nøgde - beheld fleksibiliteten

Lærarstreiken er over og leiaren i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied er godt nøgd.

com.sun.jersey.api.container.MappableContainerException: freemarker.core.InvalidReferenceException: The following has evaluated to null or missing: ==> data.properties['visiolink_epages_publication_name'] [in template "components/global/footer/all.ftl" at line 31, column 62] Tip: If the failing expression is known to be legally null/missing, either specify a default value with myOptionalVar!myDefault, or use <#if myOptionalVar??>when-present<#else>when-missing. (These only cover the last step of the expression; to cover the whole expression, use parenthessis: (myOptionVar.foo)!myDefault, (myOptionVar.foo)?? The failing instruction: ==> ${data.properties["visiolink_epages_p... [in template "components/global/footer/all.ftl" at line 31, column 60]