...
SMALE VEGAR: Ein av fire i fylket fryktar ferietrafikken. Foto: Privat

Dette bekymrar kvar fjerde innbyggjar

Ikkje berre idyll i sommartrafikken.

Sogn Avis E-post
Publisert 28.06.2012 kl 14:07 Oppdatert 28.06.2012 kl 14:16

Tips ein venn på e-post:

Ei ny undersøking utført av Ipsos MMI for Gjensidige, viser at 26 prosent av dei spurde i fylket er bekymra for å bevega seg ut i ferietrafikken.

Ukjende vegar

Folk i Sogn og Fjordane bekymrar seg meir enn kva ein gjer på landsbasis, der kvar femte innbyggjar uroar seg for ferietrafikken. Til samanlikning er knappe ein av ti bekymra for å køyra til jobb. For mange kan ukjende vegar og stor fart, vera årsak til at ein kvir seg.

– Ei årsak til bekymringa kan vera at ein ofte køyrer langt, og turen går på landeveg i høgare hastigheit enn ellers i året, seier Ole Christian Kaada i Gjensidige i ei pressemelding.

Han oppmodar trafikantane om å ta det roleg.

– Beregn god tid og ta det med ro i trafikken, stopp for å kvila eller byt sjåfør om du blir trøytt, oppmodar skadeførebyggjar,

Fleire faktorar

Undersøking viser at det er fleire ting som spelar inn på kor trygg ein føler seg.

Vegar med midtdelar gjer at berre fem prosent opplever fare for å bli skada i bilkollisjon. Media si omtale av trafikkulukker spelar også ei stor rolle viser undersøkinga.

...
GJEV RÅD: Ole Christian Kaada ber folk ta det roleg i trafikken. Foto: Privat


På forsiden nå


...

Ny kontrakt til Norsun

Nyhende Ein ny kontrakt gjer sitt til at det førebels ikkje blir fleire permitteringar ved waferfabrikken på Tangen. Les meir

...

Etter 674 dagar fekk Sogndal straffespark

Sport Sogndal fekk sitt første straffespark på 55 kampar då Haugesund vart slått 1–0 på bortebane måndag. Les meir

Årets fyrste vårteikn

...

Ser du noko til våren der du bur? Del dine vårbilete med oss; nett@sognavis.no.

Sjå bilete

...

Travelt i Flåm og Skjolden

Nyhende Kjempa «Independence of the Seas» kom med 3.800 passasjerar til Flåm. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.